Det seier Cecilie Grydeland Lundsholt, sjef for Teater Vestland, i ei pressemelding.

Regjeringa føreslår å gi 23,3 milliardar kroner til kultur- og likestillingsfeltet. Teater Vestland får ein auke på 2,9 prosent i overføringane, men det dekker ikkje løns- og prisveksten, seier teatersjefen.

– Det er i realiteten eit kutt, for vi får ingen støtte til husleiga i Nynorskhuset, seier ho.

– Løftebrot

Det bryt med alle politiske lovnadar teateret har fått i arbeidet med finansieringa, meiner styreleiar Rasmus Mo.

– Prosessen med Nynorskhuset har gått over nesten fem år. I løpet av desse åra har signala både frå staten og eigarane, det vil seie Vestland fylkeskommune og Sunnfjord kommune, heile tida vore at vi skal gå for Nynorskhuset. Det har vist att, ikkje berre i festtaler, men i løyvingane både frå staten og eigarane. Når vi no endeleg står på målstreken, trekker staten seg. Det bør få folk i Vestland til å reagere, seier han.

– Oppsiktsvekkande

Også ordførar Jenny Følling brukar ord som løftebrot i sin kommentar.

– Dette er oppsiktsvekkande. Det er eit klart løftebrot at ein ikkje står ved dei lovnadane som er gitt, seier ho.

Teatersjefen meiner kulturbudsjettet er eit angrep på både distrikta og nynorsken.

– Nynorskhuset står ferdig om åtte månader, og vi har allereie skrive under på leigekontrakten. Vi kan ikkje trekke oss, og no lempar staten prisen som må betalast over på publikum, seier Grydeland Lundsholt.

– Ikkje ein prioritet

No må nemleg teateret dekke leigekostnaden på 2 millionar sjølv.

– Teater Vestland er det største nynorske turnéteateret i Norge. Vi kjem med teater til folk der dei bur lokalt og regionalt, og vi svarer på satsingane i Hurdalsplattforma: Fleire kulturarbeidsplassar, kultur der folk bur, styrking av nynorsken. Vi er ikkje døve for det som skjer i verda og at presset på den norske økonomien er stort, men med statsbudsjettet som blei lagt fram onsdag, er det i alle fall tydeleg at nynorsk scenekunst til folk som har busett seg i distrikta i Vestland ikkje er ein prioritet, seier teatersjefen.