Teaterstykke om nett-troll kjem til Førde

Frå ei framsyning av «Do not feed the trolls».

Frå ei framsyning av «Do not feed the trolls». Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

3. mai får Sogn og Fjordane teater besøk av eit gjestespelet «Do not feed the trolls».

DEL

Ein skal ikkje leite lenge på internett før ein kjem over eit kommentarfelt fullt av hatefulle ytringar.

Snart får Førdehuset besøk av ein gjeng som skal vise fram konsekvensane av nettanonymitet i teaterform.

Idiotien hos moderne internettroll

– «Do not feed the trolls» er ei teaterframsyning som tar for seg råskapen, sadismen og den håplause idiotien hos moderne internettroll. Målet med stykket er å fokusere på korleis kommunikasjonen mellom menneske blir endra drastisk når ein har ei anonym maske å gløyme seg bak, slik det ofte er på internett.

Dette skriv Sogn og Fjordane teater i ei pressemelding.

Gjennom stykket følger vi ei 14-år gammal jente som går inn i verda av sosiale medium. Etter kvart blir ho kjendis, men samtidig blir ho terrorisert av ein hærskare av idiotiske, parykk-kledde troll som vil øydelegge sjølvtilliten hennar.

– Ved å balansere mellom det humoristiske og det ubehagelege vert publikum konfrontert med spørsmålet: er eg sjølv ein del av dette fenomenet? Utan å vere moraliserande vil kompaniet sette publikum inn i rolla både som offer og som troll, skriv Lene Grande ved Sogn og Fjordane teater i pressemeldinga.

Framsyninga blir etterfulgt av ein samtale på scenekanten, med skodespelar Oda Kirkebø Nyfløtt frå Førde, Førde BUP (barne- og ungdomspsykiatri), Den kulturelle skulesekken og bloggar Anniken Gjørøy (19) frå Askvoll. Temaet for samtalen blir korleis anonymisering påverkar oppførsel seg på nett, korleis ungdommar kan verne seg mot dette og korleis vaksne kan hjelpe dei.

Teaterutdanning frå Paris

Stykket blir spelt av teaterkompaniet «The Krumple», som består av Oda Kirkebø Nyfløtt frå Førde, Jo Even Bjørke frå Trondheim og franskmannen Vincent Vernerie. Alle skodespelarane er utdanna ved teaterskulen École Internationale de Théâtre Jacques Lecoq i Paris. Teaterkompaniet deira held til i Oslo og Paris, og seier sjølv at dei lagar dynamiske og vågale verk gjennom uttrykksfull rørsle.

Stykket blir spelt i Storsalen i Førdehuset tysdag 3. mai klokka 18:00.

Artikkeltags