– Vi fekk melding litt over klokka 22.00. Det er snakk om ein taubåt med lekter som har gått på grunn. Det er ikkje fare for liv og helse, seier redningsleiar Owe Frøland hos Hovudredningssentralen på Sola (HRS).

Då HRS vart varsla, hadde mannskapet handtert situasjonen sjølv. HRS valde likevel å sende Kystvakta Tor til staden for å sjekke at mannskapet hadde det bra, seier Frøland.

Dei hadde då fått hjelp av ein nærliggande båt og kome seg over på lekteren og er i sikkerheit, opplyser redningsleiaren. No blir det jobba med å få taubåten av grunn.

Det er fredag kveld tre meter høge bølgjer i området, men det skal ikkje vere til hinder for bergingsarbeidet, seier Frøland.

Kystverket er kopla på og vil følgje opp hendinga når det kjem til berging og eventuell forureining.