Gå til sidens hovedinnhold

Tatt i 96 km/t i 60-sona

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein førar fekk beslaglagt førarkortet tysdag kveld, melder UP.

Dei gjennomførte tysdag kveld ein laserkontroll i 60-sona på riksveg 15 på Hjelle på Eid. Éin førar fekk der beslaglagt førarkortet og blei meldt til politiet etter at han vart tatt i 96 kilometer i timen. To andre førarar fekk bøter. Høgste fart blant desse var 75 kilometer i timen.