Gå til sidens hovedinnhold

Tarjei Bø tok sitt andre EM-gull på to dagar

Artikkelen er over 2 år gammel

SKISKYTING: Sanka to gull og eitt sølv i EM.

Stryningen, som stod over WC-renna i EM-perioden for å finne meisterskaps-formen til VM i Østersund i mars, har verkeleg funne formen.

Laurdag tok han ein overlegen sprintsiger, med høg fart i sporet. Trass i eit bomskot og strafferunde på liggande skyting, kunne ikkje konkurrentane hindre han i å gå først over mållinja.

Sigeren let Bø gå først ut på søndagens jaktstart, og her følgde han opp laurdagens siger.

Han gjekk i mål på 31.10.3, 28,5 sekund før russiske Eliseev.

Den siste pallplassen gjekk til Førde-løpar Håvard Gutubø Bogetveit.

Han gjekk seg opp frå 10.-plass til bronseplass på jaktstarten, og gjekk i mål 54,2 sekund bak Bø.

Kommentarer til denne saken