34-åringen VM-debuterte med eit smell i russiske Khanty-Mansijsk i 2011. Der vart det heile tre gull og to bronsemedaljar. Det var berre på fellesstarten han ikkje fekk med seg edelt metall, men han var likevel svært nære der han hamna på fjerdeplass.

Tolv år seinare har han sanka fleire medaljar i VM-samanheng, og i Oberhof skal han delta i VM-et sitt nummer ti.

– Det har eg ikkje tenkt så mykje på, men det er heilt rått. Det har vore fleire fantastisk gode meisterskapar, og eg har vore heldig som har kvalifisert meg i så mange år. Det er bra, det, då har vi nådd ein milepæl før meisterskapen har starta, seier ein smilande Bø til NTB.

Han gler seg til meisterskapen som går på det som er favorittarenaen hans.

– Løypene passar meg veldig bra. Det er favorittarenaen min og nokre tøffe bakkar der som eg er komfortabel med. Eg håpar eg er i form og at eg greier å få ut kapasiteten.

Norsk storeslem?

Dei norske herrane er store gullfavorittar i Tyskland. Veslebror Johannes Thingnes Bø har herja i verdscupen denne sesongen, i tillegg til at både Sturla Holm Lægreid og Vetle Sjåstad Christiansen har levert sterkt.

Tarjei trur det blir tøff konkurranse frå nokre utlendingar, men håpar det norske laget kan dele broderleg på medaljane.

– Ein må jo slå lagkameratane. Det er på ein måte eit luksusproblem, for når du ikkje får medalje sjølv, så vil du helst at ein lagkamerat skal klare det. Vi får håpe at vi får dele litt broderleg mellom oss, og at vi får flest fornøgde utøvarar, seier Bø.

To medaljar

Han har mål om å ta to medaljar i meisterskapen.

– Målet er stafettgull med gutane og ein individuell medalje. I fjor greidde eg det dobbelt opp i OL.

I Beijing var han på vinnarlaget både i stafett og miksstafett, og dessutan at han tok sølv på jaktstarten og bronse på sprinten. Han er ikkje teken ut til miksstafetten onsdag.