Gå til sidens hovedinnhold

Tar opp att leitinga etter rasoffer i Jølstravatnet

To år har gått sidan Ingar Sægrov døydde i raset på Jølster.

– Vårt håp er å kunne gje dei pårørande eit svar. Vi har utstyr til å gjennomføre søket, og difor ønskjer vi å prøve, seier Espen Rysjedal i ein pressemelding.

Han er fagleiar for sjøredning i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps.

Skal søke i fire dagar

I samarbeid med Sandefjord Røde Kors skal dei no gjere eit nytt forsøk i å finne 55-åringen som vart teken av raset 30. juli 2019.

Sægrov vart teken av eit jord- og steinras då han køyrde på sørsida av Jølstravatnet under uvêret i 2019. I tida etter raset vart det gjort tallause forsøk med både dykkarar og ubåt, men jordmassar og dårleg sikt i vatnet gjorde det vanskeleg. I slutten av november same år vart søket avslutta.

No ønsker frivillige å prøve igjen,melder Røde Kors.

Søket skal føregå torsdag og etter planen skal dei halde på til søndag.

Initiativ frå Sandefjord

Søket kjem etter eit initiativ frå Sandefjord Røde Kors. Det er det einaste Røde Kors-foreininga i landet som har ein slepesonar. Ein slik sonar er spesialbygd for å finne kroppar i vatn. I tillegg har dei ein undervatn-ROV, ein fjernstyrt farkost med kamera.

Det er Røde Kors som sjølv finansierer søket etter den sakna og det er dei frivillige hjelpekorpsa som kjem til å bidra dei neste dagane. Lokale båteigarar stiller opp med båtar.

– Så lenge det er håp om å finne, så prøver vi, seier Birger Fugle, som er leiar i Jølster Røde Kors.

Leiteaksjonen er i samråd med politi og pårørande. Dei pårørande opplyser at dei er veldig takksame for at Røde Kors vil gjennomføre søket etter den sakna mannen, kjem det fram i pressemeldinga.

Les også

– Tungt for familien, men ikkje uventa

Les også

Ei fullsett kyrkje tok farvel med den kjærlege faren, den dyktige kollegaen, den humørfylte mannen Ingar Sægrov

Les også

Dei berga folk som stod fast mellom rasa – og søkte etter den sakna frå båtane sine