Tapssluk i Årdal snudd til pluss

Etter fleire år med solide minustal, gjekk Norsun i Årdal i pluss i fjor. Bildet er frå produksjon av solceller.

Etter fleire år med solide minustal, gjekk Norsun i Årdal i pluss i fjor. Bildet er frå produksjon av solceller. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Etter årevis med store underskot vart 2015 eit plussår for gründer av Norsun i Årdal, Alf Bjørseth..

DEL

- Solenergi er i siget, og det er fantastisk å vere i solindustribransjen akkurat nok, sa Bjørseth til Dagens næringsliv i januar i fjor. Eitt år seinare viser rekneskapen at han hadde rett, ifølgje avisa:

11,9 millionar i pluss

Rekneskapen for Norsun viser eit overskot på 11,9 millionar kroner, ifølgje avisa. I 2013 og 2014 var dei totale underskota i overkant av 250 millionar kroner.

- I ein solindustri som opplever svært pressa marginar er vi nøgd med resultata vi oppnådde i 2015, seier administrerande dierektør Bjørn Olav Brelin i ei pressemelding.

Full utnytting av kapasitet

Ifølgje pressemeldinga er full utnytting av kapasitet, saman med vesentlege kostnadsreduksjonar, meir effektiv drift og ein svekka kronekurs årsaka til at store minustal no er snudd til pluss.

- Inngangen på året har vore svært god, og vi planlegg med full utnytting av kapasiteten også i 2016, skriv Brelin i pressemeldinga.

Kommentarer til denne saken