Ein tankbil og ein personbil er involverte i ei trafikkulykke på Magnhildskarvegen i Bremanger.

Personane som er involverte i ulykka skal vere vakne og medvitne. Ulykka skal ha skjedd i ein sving. Det blir meldt om dårleg føre på staden.

Tankbilen er lasta med lut, og politiet melder at det vil bli behov for bilbergar på staden. Det er ikkje lekkasje på staden.

Naudetatane er på staden, og personane som var involverte i ulykka får helsetilsyn.

Vegen er stengd inntil vidare. Politiet skriv at det er uklart kor lang tid det vil ta før den blir opna opp att.

Firda kjem tilbake med meir.