Gå til sidens hovedinnhold

Tankbil lasta med diesel køyrde av vegen – no er vegen rydda

Artikkelen er over 2 år gammel

Fjærlandstunnelen har stort sett vore stengd sidan tysdag ettermiddag på brunn av bilberging. No er vegen open att.

SISTE: Kvart over sju kom det melding om at vegen er open att.

– Tre vogntog har vore involverte. To av dei fekk store materielle skader, og det eine velta også i samanstøyten, sa Tatjana Knappen i Vest politidistrikt i går kveld.

Vegen mellom Skei og Fjærland var stengd stort sett i heile tysdag ettermiddag og kveld på grunn av ulykka. I morgontimane onsdag held oppryddingsarbeidet på framleis. Bilbergarane håpar å opne vegen att til klokka sju, men dette tidspunktet har blitt skyvd på.

Les også

Vegen mellom Skei og Fjærland vert opna for kolonnekøyring klokka 20.30

– Dei held på enno og har hatt litt problem i natt, seier Marianne Hove ved vegtrafikksentralen like over klokka 6 onsdag morgon.

Det eine traileren, som frakta diesel, velta og vart liggande på sida. Det er denne som står att å fjerne. Etter det Hove har fått opplyst er hengaren tømd og send av garde, medan trekkvogna står att. Dei held på å tømme ho no. Bilen køyrde av vegen på riksveg fem sør for Fjærlandstunnelen, men tunnelen er stengd.

– Tunnelen er stengd slik at trafikken ikkje skal stå inne i tunnelen, forklarar Hove.

Vegtrafikksentralen kan elles melde at køyreforholda har betra seg i Sogn og Fjordane. Dei fleste fjellovergangane er også opne att etter uvêret tysdag. For Vikafjellet skal det vere ny vurdering klokka 12.

Les også

Hald på hatten – i dag blir det vindfullt

Kommentarer til denne saken