Gå til sidens hovedinnhold

Tankbil har mista over tusen liter måling på E16

Gudvanga- og Fretheimstunnelen på E16 mellom Voss og Lærdal vart stengd måndag ettermiddag, grunna eit stort målingssøl.

Den midlertidige vegstenginga vart innført etter at ein tankbil skal ha mista over 1000 liter med måling på vegen.

Det melde Vegtrafikksentralen Vest klokka 15.14.

Klokka 15.36 vart tunnelen opna att. Det var då manuell dirigering av trafikken som skulle forbi malingssølet.

Les også

Målingssølet på E16: – Fekk meldingar om at det var svært glatt på staden

Kommentarer til denne saken