– Vegen blir stengd medan bilberginga går føre seg, seier trafikkoperatør Ken Ove Holm.
På fv. 55 på Kyrkjebø, i nærleiken av Frivik, skal ein tankbil ha køyrt utfor vegen. Når dette skjedde veit ikkje Holm.
– Det verkar som at det ikkje er ferskt. Bilbergarane har vore der ein stund for å gjere klart til berging, seier Holm, som først ikkje visste om hendinga då Firda ringde.
Det var Ytre Sogn som melde først om utforkøyringa.
Trafikkoperatøren fortel at vegen blir opna så fort som bilbergaren er ferdig på staden.
– Det blir nok eit kort og greitt oppdrag.
Det synte seg også å stemme. Vegen er no open for fri ferdsel etter at tankbilen er fjerna, opplyser trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Vest til Firda klokka 18.30.