Gå til sidens hovedinnhold

Tankar i tida

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

For nokre månader sidan trudde mange at vi var å kanten av stupet! Kim i Nord-Korea rasla med kjernevåpena sine, truga både direkte og indirekte med å utslette amerikanske mål. Dei iranske media var like iherdige i si fordømming av «Den store Satan» og «Den vesle Satan», her representert ved USA/Israel.

Alle krefter skulle settast inn på å skaffe seg kjernevåpen og rakettkapasitet som kunne levere «godsakene» som skulle utslette den sionistiske fienden ein gong for alle. I tillegg vart Hizbollah i Libanon utrusta med avanserte våpen frå borgarkrigen i grannelandet Syria. Og med Gaza som den tredje ukjende faktor i «likninga» rekna mange med at det var berre eit spørsmål om veker før Armageddon.

Denne situasjonen vart forsterka av uforsonlege utspel frå rivaliserande politiske motstandarar som kappast om å gjere livet surt for kvarandre ved auke i tollsatsar og hindring av fri ferdsel over landegrensene.

Jau, dommedagsprofetane hadde gode tider!

Så kom nokre notisar i media om ein ny «influensavariant» eit Corona-virus som hadde gripe om seg i Kina. Vi som hadde teke influensavaksinen vår som vanleg, tankte ikkje meir over det, men som «eld i turt gras» spreidde viruset seg frå land til land.
Kina melde om strenge tiltak i kampen mot Corona-viruset. På stutt tid vart nye sjukehus etablerte for å ta hand om tusenvis av sjuke, og millionbyar vart isolerte. Overreaksjonar, mumla skeptikarane. Men snart endra mediehusa på slike tankar.

Coronaen vart ein pandemi som gassa seg i dei grenselause EU-landa. Dei «fem fridommane» fekk plussa på med ein sjette: Fri flyt av Corona-viruset. Globalistane fekk kalde føter og heiv seg rundt for å bøte på skadeverknadene av den «grenselause politikken» dei hadde ivra for og hatt som sine hårete mål: ei verd utan grenser.

Kven tala om kjernevåpen så lenge eit lite virus kunne gi global nedsmelting av verdsøkonomien, verdsleiarar i karantene med usikre helseprognosar?

Flyparken på bakken, nye grenser med politi, sydenturistar som fekk det bråttom for å kome seg heim, og dagevis utan å finne Israel/Jerusalem få førstesidene i media. Og det raraste av alt, vi fekk ein forsonande tone mellom statsleiarar som grov ned stridsøksene og la langsiktige planar om å foreine kreftene for å slå ned dette viruset som raserte verdsøkonomien og tok livet av millionar av menneske.

Lufta vart reinare, oljeprisen rasa ned mot grensa for lønsam utvinning, og kreativiteten til Per og Pål eksploderte:
Motekleprodusentar la om til produksjon av verneutstyr for helsepersonell, våpenprodusentar laga komponentar til avansert medisinsk utstyr, og USA sin utskjelte president, Donald Trump gav bilprodusent ordre om å produsere pustemaskiner i staden for bilar.

Av og til verkar det som om ei høgare makt grip inn for å stanse menneske si famling i Skaparen si «verktøykasse».
Klatringa i «kunnskapens tre» for å endre barn sitt kjønn – frå det biologiske til det «følte», forsking på DNA for å kunne skape det perfekte mennesket, eit virtuelt verdsbilde der stressa menneske kunne flykte inn og oppleve paradisiske tilstandar,- pilene peika bort frå naturleg liv og meining – mot eit robot-liv diametralt motsett det Skaparverket hadde som utgangspunkt.

Tankar i tida handlar også om korleis skaparverket kan reddast frå menneskeskapt kjernevåpenkappløp mot eiga utsletting – ikkje av kloke menneske – men av Skaparen sjølv.

Enno er det ikkje midnatt på verdsklokka. Vi kan framleis etterlyse den «vesle guten» som ropte: «Men han har jo ikke klær på seg!» Karantene-tilværet – også for verdsleiarane – gir plass til refleksjonar.

Kommentarer til denne saken