Dei siste dagane har talet på innlagde på sjukehus med covid-19-smitte falle jamt. Måndag 2. påskedag var det 204 innlagde mot 314 ei veke før.

Men samtidig har talet på nye dødsfall blant covid-19-smitta halde seg relativt høgt. Frå palmesøndag (5. april) og til 2. påskedag (måndag) har det vorte rapportert om åtte dødsfall dagleg i snitt. Det viser tal NTB har henta inn frå kommunar og sjukehus.

Til samanlikning var det i snitt 2,6 koronarelaterte dødsfall dagleg frå det første melde koronadødsfallet 12. mars og fram til og med laurdag 4. april.

Fleire døyr på sjukeheim

Ein trend som har peika seg ut dei siste dagane, er at det blir meldt om stadig fleire dødsfall på sjukeheim og blant sjukeheimsbebuarar.

– I ein situasjon der det framleis er koronasmitte på fleire sjukeheimar i Noreg vil vi dessverre kunne få fleire dødsfall blant denne gruppa i tida framover. Dei fleste sjukeheimsbebuarar er svært gamle og har alvorlege underliggjande sjukdommar. Derfor er dei langt meir sårbare for covid-19-sjukdom enn andre, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til NTB.

Fram til laurdag 4. april kom rundt halvparten av rapportane om døde koronasmitta frå sjukeheimar, medan resten kom frå sjukehus. Blant dei 72 nye dødsfalla som er melde i påskehøgtida, stammar sju av ti frå sjukeheim.

1. påskedag gjaldt åtte av ni nye koronadødsfall bebuarar på sjukeheim, medan det 2. påskedag var fem av seks.

Fleire på same sjukeheim

Enkelte sjukeheimar er ekstra hardt ramma. Mellom anna er tre døde på Kopås sjukeheim i Enebakk kommune, og fem døde på Skedsmotun bu- og behandlingssenter i Lillestrøm. Ifølgje Romerikes Blad har fire av bebuarane på Skedsmotun døydd på sjukeheimen, medan den siste personen døydde på Ahus.

I dei to største byane i landet, Bergen og Oslo, er det no meldt om til saman 30 dødsfall blant bebuarar på sjukeheim, 19 av dei i Oslo.

I Oslo er det påvist smitta tilsette på 23 av 43 sjukeheimsinstitusjonar. 13 av sjukeheimane har smitta bebuarar, fortel direktør for samfunnskontakt Henrik Mevold i Sykehjemsetaten i Oslo.

– Det første smittetilfellet og den første døde bebuaren oppdaga vi 14. mars. Auken av smitta hos oss har følgt ganske likt med den auken det har vore i smitte i Oslo generelt. Etter kvart som smitten har auka i Oslo, har òg smittepresset auka for våre tilsette. Dei bur heime, handlar mat og mange reiser kollektivt, seier han til NTB.

Smitta blir sendt heim

Han er bekymra for at tilsette kan ha så små symptom at dei ikkje sjølve merkar det og tek med smitte inn til sjukeheimen.

– Alle medarbeidarar som har symptom på luftvegsinfeksjon eller covid-19, blir sjølvsagt sende rett heim i karantene og blir testa. Bebuarar som er smitta, blir isolerte, seier han.

Mevold understrekar at det i snitt til vanleg døyr 120 bebuarar på sjukeheimane i Oslo kvar einaste månad, og at dei allereie har godt innarbeidde rutinar og prosedyrar for korleis dette blir handtert.

Dei 19 døde bebuarane med koronasmitta som Sykehjemsetaten i Oslo har meldt om, har alle døydd på institusjonen der dei budde.