Tal jerv må ned på bestandsmålet

Talet på jerv må ned for å sikre sauehaldet, meiner Ole Bjarne Hovland. Her frå fjellbeite i Sogn.

Talet på jerv må ned for å sikre sauehaldet, meiner Ole Bjarne Hovland. Her frå fjellbeite i Sogn. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Ferske tal frå Rovdata syner at det minst har vore 63 ynglingar av jerv i 2020. Stortinget sitt vedtekne bestandsmål er 39 årlege ynglingar. Om vi gjer som Miljødirektoratet og reknar dei siste tre åra sitt gjennomsnitt er vi på 61 årlege ynglingar. Om vi ser reelt på det har vi ein årleg vekst og pil som peikar oppover. 40 ynglingar i 2017, 58 i 2018, 62 i 2019 og 63 i 2020. Når vi i tillegg veit at dette er minimumstal så er utviklinga uhaldbar!

Tal ynglande jerv er så høg, at det kan sjå ut til at ein i forvaltninga ikkje klarar å nå mål sett av Stortinget. Vi kan undrast på om vi har ein forvaltning som er ute av stand til å nå målet? Kva med dykk Stortingsrepresentantar? Er de villige til å gje forvaltninga dei føringane og dei ressursar som må til for å kome ned på måltalet som de har vedteke? Det vil til dømes vere avgjerande at Statens naturoppsyn (SNO) får tilstrekkelege økonomiske løyvingar til å kunne utøve sine oppdrag raskt, effektivt og med høg kunnskap. I jobben med Statsbudsjettet må økonomiske løyvingar til SNO sitt utøvande arbeid med rovviltforvaltninga prioriterast.

I 2015 vart de oppretta eit prosjekt kalla effektiv lisensjakt på jerv, og ein fekk prøvd ut ulike metodar for å effektivisera jakta. Nokon av desse metodane er no godkjent, men lisensjakta slik den er i dag klarar aldri å få bestand av jerv i nærleiken av målet. Kvifor ikkje prøve å få til fleire tiltak som gjer lisensjakta meir effektiv? Jeger bør få nytte snøscooter fram til åteplass, og de må på plass ein endring i jakttid. Fjellet er fullt av reinjegerar frå 20 august. Lisensjakta på jerv startar 10 september. Kvifor ikkje legge til rette, gjennom forskrift, for oppstart av lisensjakta den 20. august?

Enn så lenge er det aller viktigaste verkemiddel ein har for å regulere bestanden av jerv, i tillegg til lisensjakta, SNO sin innsats med ekstraordinære uttak den komande vinteren og våren. I ein situasjon med ein altfor høg bestand må dette arbeidet styrkast! Uttaka må ta til tidlegare, slik at det kan lukkast med uttak av fleire einskildindivid før yngling. Uttaka bør eigentleg ta til no. Ja, lisensjakt skal vere hovudregelen, men når tala sin tydelege tale er at lisensjakt, gjeve dagens regelverk, ikkje maktar den oppgåva. Då må andre verkemiddel styrkast!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken