Takk til dommaren som leiar all vår aktivitet. Takk til dommaren som alltid gjer sitt beste, av og til tek feil men ofte får kjeft. Du er den viktigaste personen på ei fotballbane, for utan deg blir det ikkje noko kamp.

No treng dommaren støtte! Dommaren treng støtte mot respektlause spelarar, trenarar og tilskodarar. Dei som kjem med nedsetjande ord og ufint kroppsspråk mot personen som skal halde orden på kampen.

Me heiar på kampvertar med bein i nasen, som gir beskjed når spelarar, trenarar eller tilskodarar går over streken. Me heiar på tilskodarar som bryr seg og set ein standard for korleis dei ynskjer folk skal oppføra seg i sin klubb.

Me heiar på trenarar og spelarar, som er engasjerte, men som respektera at dommaren bestemm. Me heiar på klubbar som tek tak i denne problemstillinga og som skapar tryggleik kring sine kamparrangement.

Me har alle eit ansvar. Alle klubbar må ha dette på dagsorden.