Eg vil takke alle som bur i Sunnfjord kommune for den store arbeidsinnsatsen som er lagt ned i året som har gått. Både næringsliv, tilsette og folkevalde har arbeidd hardt og vore engasjerte i å bygge Sunnfjord kommune i ei tid der det har vore ekstra viktig å vere både inkluderande, nær og handlekraftige.

For vi har lagt bak oss nok eit spesielt år. Starten av året var prega av at koronapandemien stod på som verst. I julehelga og på etterjulsvinteren i fjor hadde vi vanskar med å skaffe folk til å halde sjukeheimar, skular og barnehagar i gang. «Koronaavtalen» var god å ha for å komme gjennom denne vanskeleg perioden, og vi er svært glade for at vi får full kompenasjon for desse utgiftene.

Etter kvart normaliserte situasjonen seg. Vi klarte å handtere pandemien godt, og det er ikkje tvil om at både tilsette og frivillige gjorde ein stor innsats i «Frivillighetsåret 2022».

I mars braut det ut krig i Europa. Russland gjekk til angrep på Ukraina. Vi vart vitne til ein krig få av oss såg ville komme. Store menneskeleg lidingar. Millionar av menneske på flukt frå dei krigsherja områda. Store konsekvensar har slått inn over oss på ulike område, både økonomisk, renteauke, ein krevande kraftsituasjon, høge energiprisar og ustabilitet i verda.

Sunnfjord kommune har tatt i mot 150 flyktningar i 2022 og skal ta imot 160 neste år. Mange av dei kjem frå Ukraina. Sunnfjordingane har viset hjartevarme, og det at vi hadde eit apparat i flyktningetenesta, var til god hjelp når den måtte byggast opp att. Folk har også vore flinke å melde inn ledige bustadar som kan brukast i busettinga.

Ny kommunedirektør var på plass i juni 2022. Terje Heggheim har lang fartstid og solid erfaring i kommunesektoren. Han har ei solid leiargruppe i ryggen med kunnskap og erfaring, så dei er eit godt team.

Eit godt samspelet mellom det politiske systemet, administrasjonen, arbeidsgjevarorganisasjonane og flinke og kompetente tilsette, bidrar til gode resultata i Sunnfjord kommune. Det er svært gledeleg å sjå dei gode skuleresultata. At mobbing i skulen ligg langt under landssnittet, er eit kvalitetsstempel.

Vi har framleis ein imponerande aktivitet og investeringsviljei Sunnfjord. Til hausten opnar Førde vidaregåande for 1000 elevar på Øyrane. Nynorskhuset er innflyttingsklart til hausten, og skal opnast med ein stor Nynorskkonferanse. Vi er svært glade for den høge aktiviteten det er på fleire store riks- og fylkesvegprosjekt. Reguleringsplan for E39 og kommunedelplan for rv. 5 er ute på høyring. Rassikring av fv. 609 Hundsåna startar opp i 2023. Fleire prosjekt i Førdepakken vert fullførte. Rett før jul opna ny veg og gang/sykkelveg frå rv. 5 Øyrane – Meierikrysset i sentrum. Kjøsnestunnelen som rassikra Kjøsnesfjorden vart også opna rett før jul. Næringsareal på Moskog og på Skei er i ferd med å fyllast opp. Høgblokka på Sentralsjukehuset reiser seg, ei investering på over 1,5 mrd.

Ved årsets slutt er det tid for å reflektere over kva framtida vil bringe. Den største utfordringa vi står framfor er utan tvil den store demografiske endringa og den økonomiske utviklinga med stigande renter og auka kostnader. Å planlegge for ei slik framtid blir utfordrande, men også uvanleg viktig. Vi må greie å bygge eit samfunn som er rusta for dei tider som møter oss.

Sunnfjord kommune har ambisjon om å vedta arealplan for kommune til våren. Den vil legg viktige føringar for å kunne legge til rette for ei positiv utvikling i heile Sunnfjord. Rett over nyttår blir det folkemøte om arealplanen kring om i heile kommunen vår.

Sunnfjord er ein stor kommune og mitt nyttårsønskje for 2023 er å møte folk og næringsliv meir i året som kjem.

Til slutt vil eg takke alle for ein formidabel innsats i 2022. Vi er privilegerte som lever i eit fritt land som har eit godt sosialt nettverk. Ei særleg helsing til dei må feire nyttår i framandt land og til alle som må jobbe helg og nattskift i nyttårshelga.

Takk for godt samarbeid i året som har gått. Godt nytt år!