Eit opplæringstilbod med eleven i sentrum i heile Vestland!

Hilde Horpen

Hilde Horpen

Av
DEL

Meiningar 

Ei av dei beste investeringane fylkeskommunen kan gjere er å gje ungdomar ei god utdanning i nærleiken av der dei bur. Ein desentralisert skulestruktur og eit tett samarbeid med lokalt arbeidsliv og lokalmiljø er viktig for at fleire enn i dag skal kunne gjennomføre den vidaregåande opplæringa og vere godt rusta for arbeidsliv i framtida. Senterpartiet vil difor jobbe for den desentraliserte skulestrukturen i heile Vestland.

Elevane og lærlingane står i sentrum for utdanningspolitikken til Senterpartiet. Skal ein lukkast med gjennomføring i den vidaregåande skulen, er det viktig å vere tett på elevane og lærlingane for å sikre at alle har ein god skulekvardag og vert inkluderte i fellesskapen. Senterpartiet ønskjer å skape inkluderande skulemiljø. Skulane må difor sikrast nok ressursar til å organisere tilbod ut frå den einskilde eleven sine behov. Vi vil ha tilbod om skulefrukost ved alle dei vidaregåande skulane og jobbe for tett samarbeid mellom dei vidaregåande skulane og vertskommunane for oppfølging av hybelbuarar, gjennom til dømes open skule og miljøarbeidarar.

Alexander Fosse Andersen

Alexander Fosse Andersen

For å løyse viktige samfunnsoppgåver og sikre næringslivet tilgang på naudsynt arbeidskraft no og i framtida, er det viktig med dyktige fagarbeidarar. Det må arbeidast for at fleire vel yrkesfagleg utdanning. Senterpartiet vil jobbe for at alle som ønskjer det får tilbod om læreplass og leggje til rette for tett samarbeid mellom fagopplæring, opplæringskontor og næringsliv for å sikre nok læreplassar og høg kvalitet på opplæringa. Det bidreg òg til auka status for yrkesfaga.

Senterpartiet ønskjer ein vidaregåande skule som tek vare på mangfaldet hjå elevar og lærlingar slik at dei opplever meistring, motivasjon og lærelyst. For Senterpartiet inneber mangfald i opplæringa å sikre opplæringstilbod i tilrettelagde grupper, god integrering av elevar og alternative opplæringstilbod. Senterpartiet vil difor halde oppe og vidareutvikle produksjonsskuletilbodet og samarbeide med NAV og andre aktørar om kompetansegivande kurs som alternativ til vidaregåande for dei ungdomane som treng det.

Sogn og Fjordane og Hordaland gjer allereie mykje bra for at ungdomar skal kunne gjennomføre vidaregåande opplæring. Ved å ta med dei gode døma inn i Vestland fylke utviklar me opplæringspolitikken, til det beste for elevane. Slik byggjer me Vestland fylke.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags