Overivrige togbyggarar

PENGESLUK: Går vi til NTP2018-29 så finn vi nesten 400 milliardar kroner i reint statstilskot til ei jernbane som utfører éin prosent av personreisene og to prosent transporterte tonnmengder i landet, og berre små midlar til parsellar på Kyststamvegen.

PENGESLUK: Går vi til NTP2018-29 så finn vi nesten 400 milliardar kroner i reint statstilskot til ei jernbane som utfører éin prosent av personreisene og to prosent transporterte tonnmengder i landet, og berre små midlar til parsellar på Kyststamvegen. Foto:

Av
DEL

MeiningarI Dag og Tid 14. juni har leiaren overskrifta «Overivrige vegbyggjarar», og så brukar ein 350 milliardar kroner til den vel 1000 km lange Kyststamvegen Kristiansand – Bergen – Trondheim som døme.

For ikkje så lenge sidan hadde Aftenposten eit stort oppslag som sa at Kyststamvegen til 350 milliardar kroner er fire gonger så dyr som Intercitytoget til 80 milliardar kroner. Bana skal gå heilt parallelt med 4-felts motorveg på strekningane Oslo – Halden/Skien/Lillehammer/Hønefoss. Det er ledig plass for eldrivne bussar på dei snart ferdige 4-felts vegane til den vesle trafikken som skal gå med Intercitytoget.

Dessutan syner ei ufullstendig oppstilling frå Samferdsledepartementet 170 milliardar kroner for utbygging av Intercitytoget, og i tillegg kjem veldige statsmidlar til vedlikehald og drift som heller ikkje skal betalast av brukarane. Når heile rekninga kjem på bordet, medrekna tidlegare parsellar som Gardermobana og vedlikehald, vert nok prisen minst 500 milliardar kroner. Av dette skal skattebetalarane på Vestlandet betale over 100 milliardar kroner.

Går vi til NTP2018-29 så finn vi nesten 400 milliardar kroner i reint statstilskot til ei jernbane som utfører éin prosent av personreisene og to prosent transporterte tonnmengder i landet, og berre små midlar til parsellar på Kyststamvegen. Om lag 95 prosent av investeringane i bane går til Austlandet. Alle midlar til Kyststamvegen over 50 til 70 år, også vedlikehald, vil bli betalt av vegbrukar som bompengar eller statleg tilbakebetaling av særavgifter som er betalt inn av vegbrukar.

I tillegg kjem kostnadene til jernbanevern. Då ein skulle byggje stamveg mellom Oslo og Bergen valde ein i 1992 den 52 mil lange strekninga over Valdres i staden for den 38 mil lange strekninga over Haukeli for konkurransen med Bergensbana sin del. I tillegg måtte bana kortast inn.

I NTP2018-29 legg ein opp til utbetringar på Bergensbana som vil koste 65 milliardar kroner for å få køyretida Oslo – Bergen ned frå knapt sju timar til knapt fem timar. Ein vegarm til 30 milliardar kroner frå Bergen fram til Haukelivegen må vente i tiår til bana er rusta opp for å tole konkurransen med elbussar som vil køyre på vel fire timar Oslo – Bergen på ein 38 mil rask 4-felts motorveg. Kva tid skal osloaviser som Dag og Tid og Aftenposten bli objektive?

350 milliardar kroner til Kyststamvegen er berre eit tal, 400 milliardar kroner til jernbane er ein realitet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags