DEBATT: Førde-politikarane kan hjelpe reiselivet – og seg sjølve

REISELIV: – Reiselivets bidrag er monaleg allereie, men næringa kan skape enda større verdiar om politikerne vil, skriv Kristin Krohn Devold og Terje Hansen.

REISELIV: – Reiselivets bidrag er monaleg allereie, men næringa kan skape enda større verdiar om politikerne vil, skriv Kristin Krohn Devold og Terje Hansen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevReiselivstilsette i Førde bidreg med 13 millionar kroner i skatt til kommunen. Med lokalpolitikarane si hjelp kan reiselivet skape fleire arbeidsplassar, som igjen gir auka skatteinntekter.

Vi skriv no 2019, og er med det gått inn i nok eit valår i Noreg. I eit lokalval er nærleiken til sakene stort og engasjementet sterkt. Reiselivet er ei næring som er svært avhengig av gode lokale rammevilkår. Difor vil vi seie litt om kva reiselivet treng av lokale politikarar, og kva vi gir tilbake.

Men først nokre nøkkeltal: Reiselivsnæringa si samla verdiskaping i Norge er på over 70 milliardar kroner, viser ein rapport som Menon Economics har utarbeidd for NHO Reiseliv. I Sogn og Fjordane har verdiskapinga i reiselivet auka med 279 prosent frå 2004 til 3,3 milliardar kroner i 2017. Ingen fylke har hatt større prosentvis vekst i verdiskaping i perioden.

Flotte, naturbaserte opplevingar og moderne overnattingsbedrifter har bidrege til å byggje fylket som attraktivt reisemål, både for forretningsreisande og ferierande turistar.

Sogn og Fjordane har hatt 148 prosent vekst i overnattingar sidan 2004. Det er ei positiv utvikling, for fleire turistar betyr fleire arbeidsplassar. Og fleire arbeidsplassar gir auka bulyst og meir pengar i kommunekassa.

Det er lurt å merkje seg kor mange som jobbar i ulike næringar. Kommunane får nemleg ikkje overskotsskatten frå bedriftene – den går rett til staten. Det kommunane får, er skatten frå dei som jobbar i bedriftene.

Dei 524 reiselivstilsette i Førde genererer 13,3 millionar kroner i personskatteinntekter til kommunen. Det er over fire millionar kroner meir enn personskatteinntektene frå prosessindustrien i kommunen, som er på 8,9 millionar kroner. Med prosessindustri meinast kraftkrevjande foredling av tre, metall, mineral og ulike typar kjemisk industri.

Reiselivets bidrag er altså monaleg allereie, men næringa kan skape enda større verdiar om politikarane vil. Om Førde kommune vil ha fleire og betre skular, eldreomsorg og barnehagar, må dei forenkle kvardagen for reiselivsbedriftene. Søknader og rapporteringar til det offentlege stel tid og ressursar som bedriftene heller kunne brukt på å forbetre kundeopplevinga. Førde kommune bør søkje eit aktivt samarbeid med staten for å sørgje for at næringslivet berre skal behøve å rapportere same informasjon til det offentlege éin gong. Eit anna forenklingsgrep vil vere å gjennomføre forsøk kor bedrifter som hotell og restaurantar får høve til å seie nei til kontantar.

Vi ønskjer også at kommunale myndigheiter legg vekt på rettleiing framfor straff når dei er på tilsynsbesøk i bedriftene. Arbeidsgjevar og tilsette skal ikkje føle seg kriminaliserte i møte med tilsynsmyndigheiter. Vi håper kommunane bidreg til at regjeringas planlagde tilsynsreform blir best mogeleg.

Vi vil også understreke viktigheita av å leggje til rette for ein berekraftig reiselivsvekst. Den enkelte kommune må tenke langsiktig på korleis reiseliv blir utvikla. Det er rom for fleire typar turisme, men kommunen må sjølve drøfte kva som er riktig besøkstrykk i sitt område. Målet må vere å sørgje for rammer som fører til næringsutvikling og mest mogleg verdiskaping og arbeidsplassar lokalt. Kommunen må også jobbe for at kommuneoverføringane frå staten i større grad blir dimensjonert ut frå kommunens besøkstal, ikkje berre innbyggjartalet.

Heile Noregs befolkning vil ha fleire og tryggje arbeidsplassar i si kommune. Reiselivet sikrar arbeidsplassar, skatteinngang og bulyst over heile landet. I kommunevalet gjeld det difor å stemme på dei partia som legg til rette for at hotell, restaurantar og opplevingsbedrifter kan halde fram med å vekse.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags