Høyanger Ap bryr seg om låginntektsfamiliar

BARNETRYGD OG SOSIALHJELP: – Firda skriv at Rysjedal er trist og lei og skuffa over at Ap sviktar dei med svakast økonomi. Høyanger Arbeidarparti har over tid gjort fleire vedtak som skal gjere det enklare for låginntektsfamiliar, skriv Kristin Sagerøy Råsberg.

BARNETRYGD OG SOSIALHJELP: – Firda skriv at Rysjedal er trist og lei og skuffa over at Ap sviktar dei med svakast økonomi. Høyanger Arbeidarparti har over tid gjort fleire vedtak som skal gjere det enklare for låginntektsfamiliar, skriv Kristin Sagerøy Råsberg. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev 

Viser til oppslag i Firda 4. januar og budsjettsaka i kommunestyremøte i Høyanger desember 2018, der partiet Raudt kom framlegg om å ikkje rekne barnetrygd som inntekt ved utrekning av sosialhjelp.

Saka om barnetrygd og sosialhjelp har fått ein del spalteplass i media fordi den problematiserer det faktum at når ein 1. mars aukar barnetrygda med 84 kroner i månaden, så vil ikkje familiar som mottar sosialstønad ta del i denne auken.

I dag er sosialhjelpordninga likevel slik at den skal fungere som ei individuell, skjønnsmessig ordning som skal gi hjelp i tråd med familien sine faktiske behov. Når ein skal yte sosialhjelp kan ein skjønnsmessig vurdere å gå utover dei rettleiande satsane viss ein vurderer det som naudsynt.

I tillegg er det slik at Sosialtjenestelova legg opp til at kommunen alltid skal vurdere barn sin situasjon særskilt. Det kan vere behov knytt til aktivitetar som t.d. ulike typar kontingentar og utstyr i samband med fritidsaktivitetar m.m. Det ligg forventaningar om at økonomisk stønad til livsopphald og skal gå til å kjøpe klede ein treng i det daglege. Foreldre som er avhengige av økonomisk stønad over tid vert også oppmoda om å søkje om ekstra stønad til klede til borna eit par gongar i året.

Firda skriv at Rysjedal er trist og lei og skuffa over at Ap sviktar dei med svakast økonomi. Høyanger Arbeidarparti har over tid gjort fleire vedtak som skal gjere det enklare for låginntektsfamiliar;

300.000 kvart år på gratis PC til ungdomsskuleelevane.

250.000 på fagleg skuletur til Polen i 10. klasse.

Gratis leirskuleopphald for alle elevar i 7. klasse.

Vi har tilsett miljøkoordinator med base på Høyanger skule.

Samarbeid mellom skule og idrettslag for å sikre kontakt og inkludering. Tilskotsmidlar gjennom idrettslag kan dekke medlemsskap, treningsavgift, lisensar etc.

Vi tek ikkje hall-leige, noko som gir låge medlemsavgifter på organisert treningstilbod.

Gratis ungdomsklubb.

Oppstart Frivilligsentral – skal m.a. hjelpe lag og organisasjonar med å få oversikt over  midlar som kan søkast på.

Utstyrspakke for sport og friluftsliv – gratis utstyrsbibliotek for alle.

Moglege tiltak (strategiplanen – mål 2019): Opprette friplassar i aktuelle fritidstilbod som kulturskule, symjehall og idrettslag.

85 prosent av kommunane i Norge reknar barnetrygda som inntekt for sosialhjelpsmottakarar. Nokre kommunar har vedtak om å halde barnetrygda utanfor. Dette kan vise seg å påverke satsane for sosialstønad!

I ein rapport frå Telemarksforskning der ein har kartlagt og analysert kommunale sosialhjelpsatsar, viser ein til at dei kommunane som inkluderer barnetrygda i berekninga har i utgangspunktet høgare satsar for barn! Ein kan da stille spørsmål om ein på sikt no vil sjå at kommunar som har gjort vedtak om å ta ut barnetrygda frå inntektsberegninga på sikt vil legge seg på lågare nivå? Og har dette med satsar eigentleg stor betydning da ordninga med sosialhjelp skal fungere ut frå skjønn?

Høyanger Ap er ikkje ueinge i prinsippet om barnetryda som universell ordning, men vi meiner at det ikkje er rett at kommunane skal betale prisen for den blå-blå regjeringa sin usosiale politikk! Skal det gjerast endringar i regelverket må det komme ei lovendring med kompensasjonsordningar for kommunane. Det har over tid vore ført ein politikk som også struper inntektsgrunnlaget til dei små kommunane, da kan ikkje vi sitte lokalt å vedta lokale reglar for å kompensere for den politikken som blir ført sentralt! Høyanger kommune er heller ikkje i same posisjon som Førde kommune, som har eit overskot på 26 mill. Vi må ta av oppsparte midlar for å komme i balanse i 2019.

Rådmannen i Høyanger kom med eit framlegg til budsjett for 2019 som viser at avdelingane har skjært 15 mill. på drifta si for 2019! Ut frå våre i tal vil det kunne koste Høyanger kommune minst 0,5 mill kvart år å innføre ei ordning der ein tek barnetrygda ut av inntektsgrunnlaget til dei som tek i mot sosialhjelpstønad. Desse pengane må ein ta frå drifta i tenesteområda til oppvekst og helse. Da blir det endra mindre til skular og eldre.

Raudt må gjerne føle seg skuffa og svikta, men det er sentrale styresmakter som må gjere lovendringane!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags