Heia deg som er frivillig!

FRIVILLIG: Innsendarane takkar alle dei som jobbar frivillig i Sunnfjord. Siri Ann Roska selte t-skjorter og anna materiell til inntekt for Førdefestivalen i sommar.

FRIVILLIG: Innsendarane takkar alle dei som jobbar frivillig i Sunnfjord. Siri Ann Roska selte t-skjorter og anna materiell til inntekt for Førdefestivalen i sommar. Foto:

Av
DEL

LesarbrevHeia turleiaren, trenaren, kasseraren, dirigenten, styremedlemen, du som steiker vaflar, du som sel lodd, du som ryddar og vaskar og du som står på stand eller går i tog.

I nye Sunnfjord kommune finn vi godt over 500 frivillige lag og organisasjonar. Frivillige skapar aktivitet, samhald, trivsel, felles opplevingar og identitet, og tek eit stort samfunnsansvar for folkehelse og inkludering.

For å løfte alle dei frivillige i den nye kommunen vil Sunnfjord Venstre invitere til ope møte om frivilligheita i slutten av februar, for å få innspel og meir merksemd rundt alt det gode arbeidet som blir lagt ned i frivillig sektor. Vi har også synt fram ein del av dei frivillige organisasjonane og aktiviteten gjennom adventskalender på Facebook under emneknaggen #frivilligisunnfjord. Her er lista med dei 24 lukene i kalenderen:

1. Grendelaga, utviklingslaga, ungdomslaga og grannelaga

2. Helselaga

3. Soge- og historielaga

4. Indre Sunnfjord Turlag

5. Sunnfjord kajakklubb

6. Skulemusikk og korps

7. Speidarlag og 4H-klubbar

8. Festivalane

9. Organisasjonar for funksjonshemma og kronisk sjuke

10. Studentsamfunnet i Førde

11. Politikarane

12. Vektløftarmiljøet

13. Ungdomsklubbar og uorganisert aktivitet

14. Idrettslaga

15. Kulturminnearbeid

16. Bygdekvinnelaga

17. Dans

18. Seniordansen

19. Spelemannslaga

20. Røde Kors-laga

21. Pensjonistlaga

22. Naturvernforbund og miljøorganisasjonar

23. Skianlegga

24. Kora og dei som jobbar frivillig på julaftan

Lista kunne ha vore mykje lengre, men vi synest i alle fall at dei 24 vi har trekt fram fortener applaus og stor anerkjenning!

Norge er verdsmeister på dugnad og frivilligheit. Frivilligheitsbarometeret for 2017 viser at over 60 prosent av befolkninga i Norge har gjort dugnad siste året. Verdiskapinga i frivillig sektor er rekna ut til å vere på fleire hundre milliardar kroner eller nærmare 150.000 årsverk. Den nye kommunen bør gje frivilligheita anerkjenning og støtte. To konkrete mål må då vere å lage ein frivilligplan- eller plattform for Sunnfjord kommune og legge til rette slik at ein kan nå måla i fritidserklæringa som vart utarbeidd av regjeringa, KS og ei rekke organisasjonar i 2016. Denne slår fast at alle skal ha rett til å delta i ein fritidsaktivitet.

Takk til deg som stiller på dugnad og som frivillig! Godt nytt frivillig-år i 2019!

TEATERFESTIVALEN: Over 90 barn hadde møtt opp for å vere med då Barnas turlag først arrangerte opplevingar i fjøra, og deretter tur med Bakkejekta under Teaterfestivalen i Fjaler. – I nye Sunnfjord kommune finn vi godt over 500 frivillige lag og organisasjonar. Frivillige skapar aktivitet, samhald, trivsel, felles opplevingar og identitet, og tek eit stort samfunnsansvar for folkehelse og inkludering, skriv innsendarane.

TEATERFESTIVALEN: Over 90 barn hadde møtt opp for å vere med då Barnas turlag først arrangerte opplevingar i fjøra, og deretter tur med Bakkejekta under Teaterfestivalen i Fjaler. – I nye Sunnfjord kommune finn vi godt over 500 frivillige lag og organisasjonar. Frivillige skapar aktivitet, samhald, trivsel, felles opplevingar og identitet, og tek eit stort samfunnsansvar for folkehelse og inkludering, skriv innsendarane. Foto:

FRIVILLIGE: Berit Steine, Linn Steine og Geir Ove Eide Vågen jobba frivillig under Utkant-festivalen i sommar. Dei fortalde at det var god steming å jobbe som frivillig, og tipsa om å hugse myggspray.

FRIVILLIGE: Berit Steine, Linn Steine og Geir Ove Eide Vågen jobba frivillig under Utkant-festivalen i sommar. Dei fortalde at det var god steming å jobbe som frivillig, og tipsa om å hugse myggspray. Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags