Frykt som politisk reiskap

EITT SJUKEHUS: – Det er ein illusjon å tru at ein skal kunne halde oppe kompetanse og vaktberedskap på fleire stader i vårt fylke innan spesialitetar som t.d. kirurgi, ortopedi, gynekologi og føde. I realiteten har vi i vårt fylke knapt nok pasientar for eitt sjukehus, skriv Leif Kapstad. Her frå fødeavdelinga på Førde sentralsjukehus.

EITT SJUKEHUS: – Det er ein illusjon å tru at ein skal kunne halde oppe kompetanse og vaktberedskap på fleire stader i vårt fylke innan spesialitetar som t.d. kirurgi, ortopedi, gynekologi og føde. I realiteten har vi i vårt fylke knapt nok pasientar for eitt sjukehus, skriv Leif Kapstad. Her frå fødeavdelinga på Førde sentralsjukehus. Foto:

Av

– Dersom vi skal unngå sentralisering av befolkninga rundt Oslogryta og langs Sørlandskysten, må ein styrke byane rundt om i landet og utvikle fleire tettstader med varierte arbeidstilbod som dannar grunnlag for tilflytting og spreidd busetnad, skriv Leif Kapstad.

DEL

Lesarbrev

Høgrepopulistiske parti med udemokratiske spelereglar har fått grobotn i USA og fleire europeiske land. Felles for desse partia har vore spreiing av frykt for innvandring.

Det høgreekstreme partiet til Marine Le Pen i Frankrike var ikkje langt unna å få fleirtal. I Polen og Ungarn har parti med liknande politiske målsettingar fått makta. I desse landa har leiarane alt greidd å endre samansettinga av domstolane slik at dei indirekte kan styre media og på denne måten «kneble» motparten. Ein kan òg frykte at Italia går i same retning. Denne politiske bølgja er tufta på innvandringshat og frykt. Det er sjokkerande å sjå kva ein slik fryktskapande politikk kan føre til.

I Noreg er vi heldigvis langt unna denne realiteten.

Men dersom ein greier å skape frykt, svekkjer ein den rasjonelle vurderingsevna, og folk kan lett verte rivne med. Senterpartiet (Sp) brukar ein retorikk som kan skape frykt. Partiet minner oss stadig om kor skadeleg og farleg dei ulike reformene og vedtekne strukturendringane er for oss innbyggjarane. Vi kan berre nemne politireforma, kommunereforma, endring av sjukehusstrukturen, endring av posttenestene og seinast kor ille rovviltforvaltninga er. Er det grunnlag for all denne skremselspropagandaen?

Etter kvartvil eg tru at dei fleste vil innsjå at politireforma var naudsynt (jamfør innlegget i Firda 11. januar i år av politiinspektør Arne Johannessen). Det har skjedd store endringar både når det gjeld omfang og type kriminelle handlingar. Internett har endra kvardagen både til dei kriminelle og politiet. Det var absolutt på tide at politietaten vart omorganisert og at ressursane vert sett in der behovet er størst og at politietaten utviklar kompetanse innan nye fagfelt.

Kommunereforma, som Sp er ein sterk motstandar av, er etter mange si meining eit steg i rett retning for å sikre landsbygdene våre ei lysare framtid. Vi må vere villige til å etablere større sentra rundt om i Noreg der ein kan skape arbeidsplassar for folk som vil bu på landet.

Kor mange hadde budd i Sunnfjord om ein ikkje hadde hatt alle arbeidsplassane i Førde? Eg ville tru at nærare 2000 pendlar inn og ut til Førde kvar dag. Utan Førde hadde vi kanskje vore berre halve befolkninga. Vi ser kor Hyllestad slit med folketalet. Ein av årsakene kan vere at kommunen ligg for langt unna eit senter som innbyggjarane kan pendle til.

Kor mange skremmande påstandar vart ikkje sett fram under omlegginga av sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane? Liv og helse stod på spel, ikkje minst når det gjaldt fødetenestene. Kva hadde vi hatt att i fylket vårt om vi ikkje hadde sentralisert visse deler av spesialisthelsetenesta?

Det er ein illusjon å tru at ein skal kunne halde oppe kompetanse og vaktberedskap på fleire stader i vårt fylke innan spesialitetar som t.d. kirurgi, ortopedi, gynekologi og føde. I realiteten har vi i vårt fylke knapt nok pasientar for eitt sjukehus.

Posten har endra seg. Arbeidarpartiet sat med makta då mange postkontor vart lagde ned og flytta over til butikk og kjøpesenter. Vi minnast all støyen som oppstod i den samanheng, men i dag ser vel dei fleste at dette var fornuftig.

I løpet av 17 år har brevvolumet gått ned med 60 prosent. I 2017 var det ein nedgang på heile 17 prosent. Nok ein gong er Sp ute og spreier frykt når det gjeld endringar i postleveringa. Hadde det ikkje vore betre om Sp tok ansvar og vart med i eit konstruktivt samarbeid for å omorganisere posttenestene? Endringar skjer om ein vil eller ikkje. Spørsmålet er om ein vil vere med å forme resultatet eller ikkje.

Å rope ULV er ein banal og enkel måte å skape frykt på og hanke inn stemmer. Dei fleste av oss er nok samde i at vi skal ha strenge reglar for å ta vare på ulv og andre rovviltartar. Lovverket skal beskytte beitegåande dyr og oss sjølve. Her må ein ta omsyn til vårt eige lovverk og internasjonale konvensjonar som Noreg har forplikta seg til.

Under «Regjeringen.no – spørsmål og svar om rovviltforvaltningen» finn ein at ulven står for ca. 10 prosent av tap av sauer som er forårsaka av rovdyr, medan jerv og gaupe forårsakar 60 prosent av tapet. Men tap som er forårsaka av rovdyr utgjer berre 20 prosent av det totale tapet, og i 2016 var ulv årsaka til omlag 1,5 prosent av dette (utrekna på grunnlag av data frå Miljodirektroratet.no og NRK.no).

Når Trygve Slagsvold Vedum har valt ULV i staden for jerv og gaupe i sin propaganda, er det truleg eit taktisk trekk med tanke på å nå fram med ein polisk agenda. «Frykt som politisk våpen» er overskrifta på ein artikkel i avisa Nordlys den 12. januar i år der denne problemstillinga vert drøfta og den kan vere verdt å lese.

Leif Kapstad.

Leif Kapstad. Foto:

Kvifor vil Sp skape polarisering mellom by og land? Dersom vi skal unngå sentralisering av befolkninga rundt Oslogryta og langs Sørlandskysten, må ein styrke byane rundt om i landet og utvikle fleire tettstader med varierte arbeidstilbod som dannar grunnlag for tilflytting og spreidd busetnad. Elles kan vi ende opp avfolking av bygdene slik Sverige har opplevd. Slik vil vi ikkje ha det i Noreg, men resultatet kan ende opp slik om ein ikkje er villig til å gjere endringar og tilpassing av samfunnstenestene i takt med utviklinga og innbyggjarane sine behov.

By og land må gå hand i hand. Slik har det vore i Noreg. Kvifor skal vi begynne å frykte kvarandre?

Kan dagens politiske retorikk vere starten på ei uheldig utvikling og svekking av demokratiet?

«Kunnskap skal styra rike og land», skreiv Aasmund O. Vinje i eit dikt. Vonar at dette framleis kan vere fundamentet for norsk politikk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags