Er Krf si sjel på januarsal?

Av
DEL

Lesarbrev 

Er Krf si sjel på januarsal?

På Jeløya selde Venstre sine grøne prinsipp for å få køyre rundt i forureinande statsrådbilar. Sidan Venstre er eit verdsleg parti, hadde dei inga sjel å selje. Men vallovnader og garantiar gjekk med i salet. Gallup viser at rundkastet til Grande og landinga på FRP-fanget neppe har begeistra veljarane hennar. Meiningsmålingane og ei truande sperregrense må vere like deprimerande for veljarane som maktkampen i partileiinga.

No høyrer vi at Krf har starta januarsalet sitt. Om prisen er god, går både sjel og prinsipp over disken. All retorikk har vore mot Frp som hovudmotstandar. Vi kan nemne asylpolitikk, ruspolitikk, distriktspolitikk og fordelingspolitikk. Men når Erna lokkar med maktposisjonar, gløymt er da både kropp og sjel. I Bibelen les vi at freistaren kan ta ulik skapnad. Der er ikkje nemnd korkje statsminister eller abortlov § 2. Det er likevel skuffande at Krf ikkje kjenner att freistaren på nært hald, men ser seg blinde på makta. Tradisjonelt har partiet stått fast på sine prinsipp. No er det plutseleg meste til sals for posisjonar og personleg status.

Krf får kanskje god pris for sjela. Eg er likevel sikker på at partiet ikkje vil tene på handelen. Krumspringet liknar altfor mykje på Grande-spranget i fjor. Først definerer dei hovudmotstandar, deretter landar dei i akkurat det fanget. I naturen er det alltid den sterke som sluker den svake. Frp er større enn vekta av begge juniorpartnarane. Kvar siger for desse vil vere nederlag for Frp. I politikken deler sjeldan veljarane ut poeng for uavgjort.

I kampen for makt og status ofrar Krf gjerne ein uvanleg dyktig og godt likt leiar. Slike veks ikkje på tre. Det saknet skal nok partiet merke. Partileiar Hareide hadde humor og var uredd. Om han hadde rett i sitt vegval, veit ingen. Men han peika på at politisk avstand til Frp og Sv ville gjere eit dagleg regjeringssamarbeid med desse vanskeleg. Han vil få rett.

For 200 år sidan skreiv Goethe om Faust som selde sjela til djevelen i byte for makt. Det gjekk godt ei tid, men så måtte prisen betalast. Ynskje om makt har ikkje endra seg mykje med tida. Som dvergar i regjeringsdansen vil nok naturen gå sin gang for juniorane. Her finst ikkje noko sikkerheitsnett for dei små. Kampen er uansett i gang, og i politikken nyttar det ikkje å samle på remis.

Godt nytt år.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags