Er det bruk for unge folk i Sunnfjord Høgre?

HØGRELISTA: – I festtalar vert det ofte snakka om kor viktig det er at slike som meg – som reiser ut for å ta utdanning – flyttar heim att til eit fylke som opplever stagnasjon. Like ofte vert det snakka om kor viktig det er å få unge med i politikken. Det er dessverre avstand mellom innhaldet i festtalane, og den røyndomen eg no opplever i partiet eg etter beste evne har kjempa for, skriv Martin Savland.

HØGRELISTA: – I festtalar vert det ofte snakka om kor viktig det er at slike som meg – som reiser ut for å ta utdanning – flyttar heim att til eit fylke som opplever stagnasjon. Like ofte vert det snakka om kor viktig det er å få unge med i politikken. Det er dessverre avstand mellom innhaldet i festtalane, og den røyndomen eg no opplever i partiet eg etter beste evne har kjempa for, skriv Martin Savland. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Våren 2015 flytta eg heim for å vere ei ung, aktiv stemme for Høgre i Naustdal/Sunnfjord. Med mastergrad økonomi og med sterk interesse for politikk var eg klar for å gjere ein innsats. Naustdal Høgre sette meg på 3.-plass og 42 veljarar gav meg personstemme. Det var klart mest, utanom dei to som sit i kommunestyret.

Reisa har vore lærerik og hard, med mange positive og nokre negative opplevingar. Eg har blitt kjent med menneskje som no betyr mykje for meg, men eg har òg fått erfaringar som ikkje er like gode.

Måndag 14. januar 2019 kom eit stort sjokk.

Nominasjonsnemnda i partiet eg har stilt opp for fleire anledningar, har føreslege meg heilt nede på 39.-plass. Nemnda meiner at eg ikkje har dei rette eigenskapane og har føreslege andre – som knapt har vore aktive dei siste åra – framfor meg. Nominasjonsmøtet var einige i at plassen var for låg, og mange av medlemmane var opptatt av å få unge oppover på lista. Likevel fann ikkje nominasjonsmøtet plass til meg, den einaste under 30 år, før på plass nummer 25. Det meiner eg er for dårleg når både Venstre, Senterpartiet og Arbeidarpartiet løftar sin ungdomskandidat opp på ein 5.-plass.

At Sunnfjord Høgre ikkje vil prioritere unge røyster som meg gjer meg trist.

I festtalar vert det ofte snakka om kor viktig det er at slike som meg – som reiser ut for å ta utdanning – flyttar heim att til eit fylke som opplever stagnasjon. Like ofte vert det snakka om kor viktig det er å få unge med i politikken. Det er dessverre avstand mellom innhaldet i festtalane, og den røyndomen eg no opplever i partiet eg etter beste evne har kjempa for.

Eit parti som plasserer ei engasjert, ung røyst så langt nede på lista – er ikkje mitt Høgre. Eit parti som har vore med på å starte ei spennande kommunesamanslåing – under mottoet om at vi må sjå framover og utvikle Sunnfjord – møter seg sjølv i døra. For korleis skal vi sjå framover om vi ikkje ønskjer nye røyster inn?

Dei siste to åra har vore tunge. Kommentarar som at eg ikkje skal bry meg med gruppa sitt arbeid og maktkampar internt i Sunnfjord Høgre har dessverre blitt vanlege. Faktisk har eg opplevd at mitt vennskap med fylkessekretæren har vore som ein raud klut for mange. Ja, enkelte har til og med påstått at eg blir utnytta og regelrett manipulert av fylkessekretæren. Dette er påstandar eg avviser på det sterkaste, og eg meiner slike påstandar kan vere med på å skape ein fryktkultur som set grenser for kven du kan vere saman med.

HØGRE: Dette bildet er frå Sunnfjord Høgre sitt nominasjonsmøte. Med på bildet er også fylkesleiar i Vestland Høgre, Tom Georg Indrevik, fylkesordførarkandidat Silja Ekeland Bjørkly og fylkessekretær Karsten Sprenger, som var gjestar i Førde under nominasjonsmøtet.

HØGRE: Dette bildet er frå Sunnfjord Høgre sitt nominasjonsmøte. Med på bildet er også fylkesleiar i Vestland Høgre, Tom Georg Indrevik, fylkesordførarkandidat Silja Ekeland Bjørkly og fylkessekretær Karsten Sprenger, som var gjestar i Førde under nominasjonsmøtet. Foto:

Heldigvis har haldninga frå Høgre sentralt vore annleis. Dei er opptekne av at vi skal ta vare på kvarandre og gjere kvarandre gode. Det er mange i Sunnfjord Høgre som burde ta til seg dei orda. Eg vil rose Høgre nasjonalt, fylkespartiet og Vestland Høgre for god støtte. Spesielt tilliten med å få vervet som valkampmedarbeidar var kjekt. Her fekk eg oppleve Høgre på sitt beste.

Vi får ofte høyre kor viktig det er å ta vare på unge menneskje i politikken, og kor viktig det er å skape trygge rammer for unge medlemmer. Eg håper at det kan bli ein diskusjon om dette er vegen å gå om vi ønskjer fleire unge i politikken?

Det kan hende at mange ønskjer eit parti der alle er einige og heile tida på same side. Det kan godt hende at mange ønskjer at alle skal snakke om det same og at alt skal avgjerast bak lukka dører, men eg trur ikkje det skaper god politikk. For meg er utvikling av god politikk at vi med eit ope sinn møter folk, og verkeleg er interesserte i å lytte til innspela deira. I Høgre må vi backe kvarandre opp og heie fram ulike innspel. Det skaper tryggleik, engasjement og vissheit om at det er lov å komme med innspel som kanskje viser seg å vere dumme.

Som einaste medlem under 30 år på nominasjonslista, skal eg no framover bruke tida godt på å vurdere om eg vil stå på Høgre si liste og om eg framleis ønskjer å gjere ein innsats for partiet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags