Førestillingar om planter

Av
DEL

LesarbrevLiv er om lag 3800 millionar år gamalt. Eincella mikrobar, som bakteriar, var først ute. Organismar som bruker sollys til å drive fotosyntese, altså planter, kjenner vi på landjorda for 450 millionar år sidan. Planter utgjer no 99 prosent av alt levande stoff. Det eldste mennesket levde for to millionar år sidan. Vår type menneske, homo sapiens, sto fram for 200 000 år sidan og er no den einaste type menneske. Planteriket har ein svært lang utviklingsprosess før mennesket oppstod. Mykje av stoff som er i mennesket, er utvikla i mikrobar og planter. Så har desse stoffa vorte med i utviklinga av dyr, inkludert menneske. Ein stor del av stoffet i menneskekroppen er såleis utvikla lenge før det eksisterte menneske av noko slag.

Rangering av liv

Det normale i tankeverda til leiande intellektuelle gjennom historien er rangering av liv; Mennesket er sjølvsagt på topp. Og planter kjem langt nede på rangstigen. Då Noah bygde arka for å berge alle livsformer gjennom syndefloa, hadde han ikkje med seg ei einaste plante.

Kvalitetar hjå planter

Om planter har liv, og ei sjel, har vore diskutert mellom intellektuelle lenge før vårt år null. Grekaren Demokrit (460 – 360 fvt.) hadde ein teori om at alt var sett saman av små grunnleggjande byggjesteinar, som han kalla atom. For han galdt det også planter. Den svenske planteforskaren Carl Linnaeus (1707- 1778) fann at plantene hadde kjønn og kjønnsorgan. I hans tid var dette skandaløst og han fekk indignert kritikk av fagfolk som var gode moralistar, men skrale vitskapsfolk. Og han fann at planter søv. Først fram mot vår tid tek ein til å forstå at sømn er ein grunnleggjande biologisk funksjon knytt til korleis liv fungerer. Han fann at nokre planter fanga og åt insekt. Charles Darwin fann planter som fanga og åt små kjøtdyr. Han kjende godt fordommar i si til og formulerte seg varsamt om dette. I 1908 skreiv sonen Francis Darwin tydeleg om planteintelligens, og fekk ein venta storm av angrep. Han svarte ved å skrive 30 sider i eit fagtidsskrift om planteintelligens. Dei som ikkje forska på planter med vitskapeleg metode, visste sjølvsagt best. I mange fagmiljø rår framleis førestillingar om at planter er passive, utan kjensler, og utan evne til å kommunisere. Og utan evne til å utvikle framferd og kalkulere korleis dei skal leve. Sjølv om dette kan observerast nett framfor nasen deira.

Grunnkonklusjon

Men denne grunnkonklusjonen forstår no dei fleste;

Alt som lever no har røter frå evolusjon, røter som ofte går millionar av år attende. Gjennom å overleve, og endre seg, har dei synt sin kapasitet til å tilpasse seg omgjevnadene.

Døme på innsikter funne først i planteverda

Arvelover:

Munken Gregor Mendel (1822 -1884) kryssa ulike erteplanter, og fann fram til grunnleggjande lover for arv. I 40 år vart denne kunnskapen ignorert. Først når ein fann desse lovene ved å krysse dyr, vart det framstilt som eit gjennombrot og grunnlaget for ein ny vitskap, arveforsking.

Gjensidig nytte:

Federico Delpino (1833- 1905) i Napoli observerte noko merkeleg: Nokre planter produserte nektar i blomsten som normalt. Og insekt kom, åt nektar, flaug vidare og bestøva andre planter. Men så fann han at nokre planter også produserte nektar utanfor blomsten. Nektar er svært energirik så han lurde på kvifor i all verda planter brukte så mykje energi til dette? Delpino fann at nektaren utanfor blomsten tiltrekte seg maur. Nektar er yndlingsrett for maur. Som takk for nektar verna mauren planten mot insekt som kunne skade den. Her er det utvikla gjensidig nytte.

Endring av arvestoff:

Lenge levde ein med førestillingar om at livsformer var stabile. Arvestoffet frå far og mor vart alltid levert vidare uendra. Ein kan lure på korleis ein med denne statiske forståinga skulle forklare utvikling og endring av ulike livsformer. Men dette var lenge eit såkalla dogme, noko som berre er sant og ikkje til å stille spørsmål ved. Barbara McClintock gjorde på 1940-talet forsøk med mais i Mexico og fann at genomet, heile arvestoffet, slett ikkje var uforanderleg. Funnet vart gjort på ei plante. Dette var ei stor oppdaging, men det vart ikkje anerkjent før 40 år seinare då funnet vart stadfesta på dyr. Barbara McClintock fekk nobelprisen i 1983.

RNA og genstyring:

DNA er kjent som arvestoffet. RNA er ein slektning, som kan avlese informasjon i gena. Og som både kan slå på og slå av gener. Dette funnet gav nobelpris i 2006 til Fire og Mello. Men Richard Jørgensen hadde påvist dette på planta petunia 20 år før. I historien er dei to æra, men Jørgensen lite omtala.

Konklusjon

Gjennom historien har mykje viktig ny innsikt vorte funnen gjennom vitskapelege undersøkingar på planter. Men planteforskinga har låg prestisje. Først når same funna seinare har vorte gjorde på dyr, vert det anerkjent kor viktige funna er. Planter vert i vår tid utrydda i stor stil. Debatten om framtida er lite prega av at planter er den suverent største delen av liv på jorda, og at overlevinga for mennesket i høg grad er avhengig av korleis vi behandlar planteverda.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags