DEBATT: Fisken som aldri når matfatet ditt

OPPDRETT: – Framtidas næringsliv må vera berekraftig, både økonomisk og økologisk. For oppdrettsnæringa sin del, tyder det at det bør innførast lågare maksimumsgrenser for tal fisk i ei merd, at det må satsast på stressreduserande tiltak og dyrevenlege metodar for fjerning av lakselus, og at nye konsesjonar berre bør gjevast til lukka oppdrettsanlegg, skriv Mark Taylor.

OPPDRETT: – Framtidas næringsliv må vera berekraftig, både økonomisk og økologisk. For oppdrettsnæringa sin del, tyder det at det bør innførast lågare maksimumsgrenser for tal fisk i ei merd, at det må satsast på stressreduserande tiltak og dyrevenlege metodar for fjerning av lakselus, og at nye konsesjonar berre bør gjevast til lukka oppdrettsanlegg, skriv Mark Taylor. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev 

Ein av fem oppdrettsfisk døyr av sjukdom i Sogn og Fjordane og Hordaland. Denne dystre statistikken kan ein lesa i Fiskehelserapporten 2018, publisert den 14. februar av Veterinærinstituttet.

Vestlandsfylka toppar fylkesstatistikken med 20,2 % døyingstal i produksjonen av laks i Hordaland og 19,3 % i Sogn og Fjordane. For regnbogeaure er dødsprosenten litt over 18 % i begge fylka.

Same dagen som rapporten vart publisert, kan vi lese i Firda om fiskesjukdomen Pankreas disease (PD) som er no påvist i eit oppdrettsanlegg i Sognefjorden. Fisken får kroniske skader i bukspyttkjertelen /pankreas, noko som fører til redusert vekst fordi fisken sluttar å ete. Det tek to til tre veker før infiserte fiskar begynner å døy. I mellomtida har dei smitta andre fiskar. Stress utløyser eit utbrot.

Dyrevelferdslova slår fast at oppdrettsfisk skal ha eit levemiljø og handtering som sikrar god velferd gjennom heile livssyklusen.

Vasskvalitet er viktig for fiskevelferd, både dei som lever i oppdrett og villfisken. Miljøpartiet Dei Grøne Fjaler var det einaste politiske partiet som sende inn merknader til ein reguleringsplan for eit nytt oppdrettsanlegg på land i Dalsfjorden. Rådmannen tok fleire av MDG sine merknader til følge, og på kommunestyremøtet 11. februar, vedtok eit samrøysta kommunestyre to av MDG sine framlegg.

Kommunestyret strauk ordet «eventuelt» i ei føresegn slik at det blir ingen tvil om at «avløp skal ikkje førast direkte i sjøen, men gå via sedimenteringsdammar og fleire reinsetrinn som filtrering og/eller utfellingsteknikkar.» Dette vil gje ein reinare fjord og betre vasskvalitet.

Kommunestyret vedtok også å endra ei anna føresegn for å gje kysttorsken i det lokalt viktige gytefeltet i Gjølangerbukta meir vern i heile gyteperioden og når larven beiter i oppveksten:

«Det skal takast omsyn til fisk i området i anleggsfasen. Det må visast særskilt aktsemd for å hindre spreiing av steinstøv frå sprengsteinmassar gjennom avrenning i gyteperioden januar-april og når yngelen botnslår og veks opp i grunne område (0-20 meter) i gytefeltet i perioden mai-juni.»

Tilstanden for kyst- og fjordtorsken sør for Stad har blitt dårlegare over tid og bestanden er på eit historisk lågmål. FN sin direktør for fisk og akvakultur sa i fjor at verda vil trengje dobbelt så mykje mat i 2050 enn det som er produsert i dag og at fisk er ein viktig del av det animalske proteinet som det vil vere stor behov for, i største grad i Europa.

Eit nytt landbasert oppdrettsanlegg i Fjaler kan vere med å produsere mat til eit veksande folketal i verda og redusere problemet med lakselus og andre fiskesjukdomar, men det må ikkje gå utover eksisterande fiskeressursar og fiskevelferd. Dyrevelferdslova § 3 slår fast at dyr har eigenverdi uavhengig av nytteverdien for menneske, anten som økonomisk inntekt eller som matkjelde.

Miljøpartiet Dei Grøne snakkar ikkje berre om miljøet. Vi handlar, ved å fremje konkrete forslag som haustar politiske resultat. Eit lite slag er vunne, men kampen mot det store dødstalet i nye Vestland fylke sine fjordar heldt fram. Det same gjer kampen mot storskala dumping av massar frå gruvedrift.

Framtidas næringsliv må vera berekraftig, både økonomisk og økologisk. For oppdrettsnæringa sin del, tyder det at det bør innførast lågare maksimumsgrenser for tal fisk i ei merd, at det må satsast på stressreduserande tiltak og dyrevenlege metodar for fjerning av lakselus, og at nye konsesjonar berre bør gjevast til lukka oppdrettsanlegg. Det tyder også at det må gjerast tydeleg at ureiningslova gjeld for oppdrettsindustrien og at krava til dyrevelferd må skjerpast.

Slik kan oppdrettsnæringa verta den næringa framtida fortener, og du den middagsmaten du fortener.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags