Journalistikk i Firda

Sjefsredaktør Yngve Årdal i Firda sine redaksjonslokale.

Sjefsredaktør Yngve Årdal i Firda sine redaksjonslokale. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Les Yngve Årdal sitt svar på Frode Grimelid sitt lesarbrev.

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Frode Grimelid tek opp ei interessant problemstilling i debattinnlegg måndag 7.1. Kva saker skal media skrive om, og korleis skal dei løysast journalistisk? Dette er diskusjonar som alle redaksjonar har framme, og i Firda er dette oppe til diskusjon kvar einaste dag. Frode Grimelid skriv at «Det som stod på trykk i slutten av desember er verken interessant, eller noka sak for Firda». Det synspunktet må han få lov til å ha, men eg er ikkje samd.

Saka om eigedommen på Viksdalen er ei sak som står seg fint journalistisk. Ja, denne kunne sjølvsagt vore gjort annleis, med andre kjelder, bildebruk, språkbruk etc. Men det gjeld eigentleg alle saker vi lagar.

Vi set pris på å få tilbakemeldingar på saker vi lagar. Då er greitt for oss å stoppe opp, og vurdere korleis vi løyser ulike enkeltsaker eller saksfelt – som t.d. eigedom.

Men å insinuere at Firda sin motivasjon for å skrive ei slik sak for å skaffe oss godvilje hjå ulike eigedomsmeklarar, den er temmeleg dryg.

Firda sin motivasjon er å lage ein god, variert stoffmiks til våre lesarar. Og vi veit av tilbakemeldingar at saker innan eigedom er populære saker, som vert godt likt av våre lesarar. Difor kjem vi framleis til å lage saker innan saksfeltet. Om det er nybygg, renoveringsobjekt, nye bustadfelt under planlegging eller eigedommar til sals. Og vi skal framleis løyse dei på ein korrekt måte, i forhold til pressa sitt etiske regelverk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken