Berre eit indre klimaskifte kan stoppe ekstremvêret

SKIFTE: – Eg har tvangsvegetarisert ho eg bur i lag med. Men med den tilgangen det no er på vegetariske produkt var ikkje det noko problem. Ho er svært fornøgd. – Dette var då veldig til sjølvskryt, tenkjer du sikkert. Men det er det ikkje, skriv Arild Sætre.

SKIFTE: – Eg har tvangsvegetarisert ho eg bur i lag med. Men med den tilgangen det no er på vegetariske produkt var ikkje det noko problem. Ho er svært fornøgd. – Dette var då veldig til sjølvskryt, tenkjer du sikkert. Men det er det ikkje, skriv Arild Sætre. Foto:

Av
DEL

Kronikk

– Tenk om det finst ei meining med alt. Tenk om det finst ein overordna plan. At til og med dette ekstremvêret har ei slags meining ...

– Det er mykje fornuftig i desse filosofiane dine, men eg har høyrt alt saman mange gongar før, kjem det tørt frå ho eg bur i lag med.

– Ja, men no har eg tenkt ...

Eg rekk ikkje å avslutte setninga før ho avbryt meg.

– Kanskje skal du ta å skrive ned nokre av desse filosofiane dine. Det finst truleg nokon andre som kan ha interesse av dei.

Dermed løftar ho avisa opp framfor andletet. Ikkje berre eit hint, men eit tydeleg signal om at eg ikkje har ein lyttar lengre.
Vel, kanskje var idéen hennar ikkje er så dum. Eg hentar PC-en og går i gang.

Det eg lenge har tenkt og gradvis kome fram til er at det truleg finst ei meining med alt. Ein overordna plan. At alt kan forklarast. Til og med ekstremvêret. At ekstremvêret har ein slags funksjon, ei slags meining.

– Dette har forskarane funne ut for lenge sidan, har du sjølvsagt allereie tenkt. Dei har for lengst fortalt oss at det er vi menneske som har skapt ekstremvêret. At dei store CO₂-utsleppa våre aukar temperaturen på jorda og skaper klimaendringar.

Men mine teoriar går litt lengre. Eg har kome fram til at ekstremvêret truleg er naturen sin måte å korrigere oss menneske på. Ikkje berre miljøutsleppa våre, men heile grådigheitskulturen vår.

Skaparverket er i utgangspunktet perfekt. Alt har ein funksjon. Frå dei minste insekta til dei største dyra. Utgangspunktet var balanse og harmoni. Men så kom vi menneske og rota det til. Vi greidde ikkje å leve i fredeleg sameksistens. Vi greidde ikkje å leve i harmoni med naturen. Vi forstyrra balansen.

Overforbruk av ressursar, unødig masseproduksjon, undertrykking og diskriminering av menneske, våpenproduksjon og krig. Kort sagt ein grådigheitskultur som har skapt ein grunnleggande ubalanse på heile planeten vår.

I Vesten trur mange politikarar at velstandskurven skal vekse inn i himmelen. Men det finst ei naturlov som seier at alt som går opp må kome ned. Velstandskurva vår nærmar seg etter mi meining faretruande dette punktet.

Det finst til ei viss grad politisk vilje til å gjere endringar. Dei store klimakonferansane har fleire gongar gjort verdsomfattande vedtak for å minske CO₂-utsleppa. Politikarar i mange land har gjort vedtak om grøne skifte.

Men dette syner seg å ikkje vere nok. Frå min filosofiske ståstad kan dette aldri bli nok. For det er ikkje politiske vedtak åleine som kan snu utviklinga. Den grunnleggande endringa kjem først når vi menneske greier å gjere eit indre klimaskifte. Det har vi framleis ikkje greidd.

Min enkle teori går ut på at det truleg finst ein overordna plan. Det eg i min naivitet vel å kalle ein slags overordna intelligens i skaparverket. At denne intelligensen trer inn når ubalansen blir for stor. Når det blir heilt tydeleg at vi menneske ikkje sjølve greier å opprette den grunnleggande harmonien og balansen i skaparverket.

I mi oppfatning er det denne funksjonen ekstremvêret har. Det pressar oss gradvis til grunnleggande endringar. Ikkje berre praktiske, men også på det indre plan.

– Naivt og ganske overtruisk, tenkjer du truleg. Det er kanskje det, men det er mange fordelar med å tru på denne teorien. For min del har det ført til at eg går rundt og innbiller meg at alt eg gjer er svært viktig. At mine handlingar kan vere med på å snu utviklinga på planeten vår. Det er ein god følelse.

Mellom anna har det ført til at eg prøvar å kjøpe berre det treng. Det er ikkje mykje, for alle skap og skuffer i huset er for lengst fulle. Eg har også byrja å dyrke grønsaker, bær og frukt i den vesle hagen min. Eg har byrja å kompostere organisk avfall, og eg har nesten slutta å køyre bil og å ta lange flyreiser.

I tillegg har eg tvangsvegetarisert ho eg bur i lag med. Men med den tilgangen det no er på vegetariske produkt var ikkje det noko problem. For ho får mellom anna servert vegetarburgarar, vegetarpølser, vegetarfiletar, ja, til og med pannekaker med vegetarbacon. Så ho er svært fornøgd.

– Dette var då veldig til sjølvskryt, tenkjer du sikkert. Men det er det ikkje. For det er ingen prestasjon. Det er ikkje noko offer. Berre ein god følelse av å vere med på å rette opp den naturlege balansen i skaparverket. Og ikkje minst, ein god følelse. av å leve meir i harmoni med naturen.

– Eit liv i ei sjølvskapt og forenkla boble, vil nokre truleg tenkje. Men om eg tek feil og har skapt meg ei fantasiboble som eg lever i, gjer ikkje det noko, synest eg. Så lenge handlingane mine kjennest meiningsfulle og i tillegg er med på å rette opp balansen i naturen.

Eg har valt å tru på denne naive filosofien min. Eg trur det berre er eit indre klimaskifte som kan skape levelege kår for alle som bur på denne planeten vår. Sagt på ein meir kvardagsleg måte: Berre eit indre klimaskifte kan stoppe ekstremvêret.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags