Fylkeskommunen ville forhandle om å gje frå seg kraftproduksjon

KRAFTPRODUKSJON: I spørsmålet om eigarskap til SFE var fylkeskommunen villig til å forhandla om å gi frå seg kraftproduksjon, skriv konsernsjef Jannicke Hilland.

KRAFTPRODUKSJON: I spørsmålet om eigarskap til SFE var fylkeskommunen villig til å forhandla om å gi frå seg kraftproduksjon, skriv konsernsjef Jannicke Hilland. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Jenny Følling hevdar BKK legg skulda på fylkeskommunen i spørsmålet om kraftproduksjon skulle vera ein del av oppgjeret for å kjøpa oss ut av SFE. Men dette handlar ikkje om fordeling av skuld.

Poenget vårt er at debatten om lokalt eigarskap til kraftproduksjon er meir nyansert enn det som har kome fram i media tidlegare. I spørsmålet om eigarskap til SFE var fylkeskommunen villig til å forhandla om å gi frå seg kraftproduksjon. Sjølv om tilbodet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje er politisk bindande, har forhandlingsutvalet fått eit mandat til å leggja kraftproduksjon på bordet i forhandlingane.

Vi er einige om at det var BKK som spelte inn kraftproduksjon i forhandlingane. BKK er ein industriell eigar i SFE, og for oss er eigarskapen ei investering i fornybar energi. Dersom vi skulle gått ut av SFE, ville det derfor vore viktig for oss å få med kraftproduksjon som ein del av oppgjeret for aksjane. Dette gjorde vi også klart for Sogn og Fjordane fylkeskommune, etter at dei tok initiativ til å kjøpa oss ut av SFE med kontantar.

BKK har no avslutta forhandlingane og heldt fram som eigar i SFE, etter at Fylkestinget nyleg endra vedtektene for Sogn og Fjordane Holding. For oss er det viktig at nye Vestland fylke blir eigar i Sogn og Fjordane Holding. Dei nye vedtektene sikrar ei balansert styring av selskapet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags