Eventyrfortelling frå Sparebanken Vest

Sigurd Reksnes (t.v.) er strengt usamd med konsernsjef Kjerpeseth sine tankar om Fjord1-salet.

Sigurd Reksnes (t.v.) er strengt usamd med konsernsjef Kjerpeseth sine tankar om Fjord1-salet.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Les Senterpartiet sitt svar på Kjerpseth sitt innlegg.

DEL

MeiningarInnlegget til Jan Erik Kjerpeseth som skriv under som konsernsjef i Sparebanken Vest, er så fullt av feil og grunnlause påstandar, at eg meiner det ikkje kan stå uimotsagt.

Kjerpeseth spør kvifor fylkeskommunen ikkje ville børsnotere Fjord1 for å få mest mogeleg for selskapet. Det var ei uaktuell problemstilling fordi det var viktig for oss å selje til ein industriell aktør, som ville utvikle selskapet vidare, og samstundes gje lovnader om hovudkontor i Florø.  Vi ville ikkje selje selskapet stykkevis og delt, slik som Kjerpeseth tek til orde for.

Prosessen som leia fram til salet av Fjord1 AS varte i 18 månader. Det vart lyst ut nasjonalt og internasjonalt, mot alle aktørar som kunne tenkjast å vere aktuelle kjøparar. Boda som vart gjevne undervegs, viser at det var riktig å bruke mykje tid. Når ein til slutt skulle avgjere kven som skulle få kjøpe, valde ein å selje til høgstbydande, som samstundes kunne gje best garantiar for framtidig hovudkontor i Florø. Det var som kjent Torghatten ASA.

Då konkurransetilsynet sa nei til dette salet, grunna konkurransesituasjonen i marknaden, så vart det gjennomført nye forhandlingar med Sævik og Havilafjord AS. Dei oppjusterte då bodet sitt på Fjord1, og forplikta seg sterkare til å drive Fjord1 frå Florø. Det var ikkje uvilje mot Havilafjord som gjorde at dei ikkje fekk kjøpe i første omgang, men rett og slett det faktum at Havilafjord ikkje var i nærleiken av Torghatten sitt bod på selskapet.

Dette er ikkje første gangen konkurransetilsynet har sagt nei til kjøp av eit selskap, og det er garantert ikkje den siste heller.  Det som var avgjerande for oss var at når vi først skulle selje, var at vi skulle ha mest mogeleg betalt for selskapet, og sikre framtidig hovudkontor i Florø. Torghatten baud mest, og var på det tidspunktet dei som best kunne garantere at selskapet skulle drivast frå Florø. Kva tilsynet til slutt ville lande på var aldri sikkert slik som Kjerpeseth skriv. Det var mellom anna avhengig av at Torghatten gjorde naudsynte tilpassingar for å tilfredstille tilsynet sine krav.

Gjennomgåande for Kjerpeseth sitt innlegg har vore eit forsvar for Havilafjord og ei framstilling av Torghatten som den store stygge ulven. Eg meiner både Havilafjord og Torghatten er gode eigarar for dei selskapa dei eig. Eg tykkjer det er oppsiktsvekkjande måten Kjerpeseth, som er Sparebanken Vest sin konsernsjef, har harselert med Torghatten i alle sin ytringar om salet av Fjord1. Kva agenda har eigentleg Kjerpeseth? Kva veit Kjerpeseth om Torghatten som vi andre ikkje veit? Eg tykkjer også det er rart at Kjerpeseth, som sjef i Sparebanken Vest, ikkje seier noko om kva rolle banken hans har hatt i saka, til dømes om han har vore med å stille garantiar eller anna.

Kjerpeseth skriv vidare om pengebruk på rådgjeverar. Kjerpeseth veit utmerka godt at når ein skal gjennomføre eit sal i denne storleiken så er det vanleg å bruke rådgjevarar. Det gjorde dei som ville kjøpe også. Det ville ha vore direkte uansvarleg, og det motsette av å ivareta interessene til innbyggarane om vi ikkje hadde tatt i bruk ekstern hjelp. Når dei som sit på andre sida av bordet leiger inn dei fremste advokatkontora i landet, så må vi svare med same mynt.

Fylkeskommunen avtalte at dei utgiftene fylkeskommunen hadde til advokatar skulle refunderast av Torghatten, men berre dersom konkurransetilsynet sa nei til sal. Dette er no oppgjort frå Torghatten  si side. 

Rådgjevarane som fylkeskommunen har brukt har vore dei same heilt tilbake til då Møre og Romsdal selde sin aksjar 2011, og fram til no.

Det er feil som Kjerpeseth skriv at «Sogn og Fjordane fylkeskommune laga ein selskapskonstruksjon som berre var meint å omgå den lovbeskytta forkjøpsretten til Havilafjord AS». Sanninga er at F1 Holding AS vart skipa i 2011,  før Havila kom inn på eigarsida i Fjord1 AS.  Eit mogleg føremål med dette selskapet var å eventuelt å låne midlar for å kjøpe Møre og Romsdal fylkeskommune sin aksjepost i Fjord1 AS.

«Alle» inkludert Kjerpeseth skriv at det det var rett av fylkeskommunen å selje. «salet var nok riktig» skriv konsernsjefen.

Prisen som Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk var dobbelt så høg samanlikna med når Møre og Romsdal selde. At verdiane i selskapet har auka ytterlegare etter at Sogn og Fjordane selde seg ut viser at mange investorar har tru på selskapet, det er bra. Bransjen skal gjennom eit grønt skifte og mange titals ferjer skal skiftast ut med ny utsleppsfri teknologi. Det vil krevje store investeringar framover.

Skal Fjord1 ASA vere med på dette må selskapet ha ei sterk kapitalbase i ryggen og risikovillege eigarar. Alt dette tilseier etter mitt syn at fylkeskommunen ikkje var den rette eigaren lenger og at nye måtte inn. Det er ikkje ei fylkeskommunal oppgåve å drive reiarlag i ein fullt ut konkurranseutsett marknad. Det var eit samrøystes fylkesting i Sogn og Fjordane som gjorde vedtak om sal for to år sidan.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags