Farvel Sunnfjord Energi

Av
DEL

MeiningarVi som heiar på lokalt eigarskap, er særs urolege for at Sunnfjord Energi no vert ofra, slik at BKK får legge under seg heile Vestlandet, bit for bit. Vårt fullverdige samfunnsselskap   kan vere borte om kort tid, og vi står att med ein filial under BKK og ein marginal eigarprosent, med lite påverknad i det store BKK. 

Sunnfjord Energi er eit levedyktig selskap no og for framtida.   Selskapet har 16500 straumkundar, 127 årsverk og 368 millionar i driftsinntekter. (tal frå årsmeldinga for 2017) I tillegg er selskapet hovudeigar av Fossheim og Kjøsnesfjorden kraftverk, samt Enivest med sine om lag 50 tilsette. Overskot frå SE og desse dotterselskapa vil bli sogne inn på kontoane til BKK.

BKK lokkar med redusert nettleige. Men korleis vil nettleiga bli om BKK slår under seg   alle nettselskapa på Vestlandet, slik dei drøymer om? Det er det all grunn til å skaffe seg innsyn i dei tala, for det er mange «dyre» nettselskap på Vestlandet, utanfor BKK-område. Dersom lågare nettleige er eit mål for folket og eigarane av Sunnfjord Energi, kan SE setje ned nettleiga til det som er dei faktiske kostnadane med nettdrifta.

Drift og vedlikehald av straumnettet er ei monopolverksemd som i prinsippet skal driftast til sjølvkostnad.   Kostnaden omfattar sjølvsagt rente på lån og innsett kapital, men låge renter dei siste åra skulle det tilseie redusert nettleige. Ras og ruskevêr kan medføre skade og ekstra kostnader år om anna. Det må selskapet ha buffer til å tole, for sikker og stabil straumforsyning vil vi alle ha.

Som tidlegare styremedlem i SE, kjenner eg litt av selskapet frå innsida. NVE fastset ei øvre inntektsråme for nettdrifta for kvart av nettselskapa i landet vårt. Denne øvre grensa vert inntektsført i rekneskapen til SE som eit krav mot kundane. For å nå opp til inntektsråma har selskapet auka nettariffane fleire gonger dei siste åra. Det er ein av grunnane til den høge nettleiga, slik at selskapet i 2016 hadde 55 mill. kroner i overskot frå nettdrifta.

Det er vanskeleg å sjå føre seg ei framtid utan bruk av elektrisitet. Sunnfjord Energi eig fallrettar og har ein stor produksjon frå sine kraftverk, og meir blir det når Jølstra kraftverk kjem i drift. Selskapet vil skape verdiar her i regionen vår i all framtid, lenger enn vi evner å sjå.

Det er uforståeleg og utilgjeveleg om leiinga og styret for Sunnfjord Energi rår eigarane til å selje, eller fusjonere vekk denne bedrifta for nokre kortsiktige tilsynelatande gevinstar. For dette selskapet kan i prinsippet skape verdiar her til evig tid.

Kommunane brukar fleire millionar kroner kvart år i forsøk på å skape   aktivitet og nye verksemder. Då må dei ikkje samstundes skusle vekk eigarskapen til ei heimehøyrande verksemd med stor verdiskaping, og som har   framtida føre seg.

«Småfuglane   gjev liv og mangfald i naturen, medan den store hauken skapar uro og frykt.»                                                                                                             

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags