DEBATT: Stans Stortinget si skadelege sjukehussentralisering

SJUKEHUS: – Sentraliseringa innan sjukehusa går føre seg i heile Noreg. Om vi ser på fødetilboda spesielt, så har det vore ein reduksjon i talet på fødeinstitusjonar i Noreg frå 160 til 45 i løpet av dei siste 40 åra, skriv Anders Hamre Sveen.

SJUKEHUS: – Sentraliseringa innan sjukehusa går føre seg i heile Noreg. Om vi ser på fødetilboda spesielt, så har det vore ein reduksjon i talet på fødeinstitusjonar i Noreg frå 160 til 45 i løpet av dei siste 40 åra, skriv Anders Hamre Sveen. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev 

I eit innlegg gjekk nyleg fylkesstyremedlem i Senterkvinnene i Sogn og Fjordane Trude Klingenberg imot sentraliseringa av helsetenestene som gjer at tenestetilbod forsvinn frå Indre Sogn. Ho har heilt rett i at det går føre seg ei skadeleg sentralisering innan helsetenestene. Det er heilt rett at det er på tide å ta opp att kampen om fødetilbod i Lærdal. Eg vil leggje til at Nordfjord sjukehus òg må få tilbake ei fullverdig fødeavdeling.

Sentraliseringa innan sjukehusa går føre seg i heile Noreg. Om vi ser på fødetilboda spesielt, så har det vore ein reduksjon i talet på fødeinstitusjonar i Noreg frå 160 til 45 i løpet av dei siste 40 åra. På nettstaden Fri Fagbevegelse vart det i januar 2019 publisert eit intervju med Hanne Charlotte Schjelderup, som er leiar i Jordmorforbundet. I intervjuet åtvarar Schjelderup mot at fire fødeavdelingar på Innlandet, i Møre og Romsdal og på Helgeland no står i fare for å verte lagde ned.

I artikkelen på Fri Fagbevegelse refererast ei undersøking gjort av fødselslege Hild Engjom ved Haukeland universitetssjukehus. Ho har sett på 637 000 fødslar i Noreg dei siste ti åra og har funne ein klar samanheng mellom reiseveg og komplikasjonar.

Funna hennar syner mellom anna at det er opptil ein dobla risiko for livstruande komplikasjonar for fødande med meir enn ein times reiseveg til fødeinstitusjon, at kvinner med ikkje planlagde fødslar utanfor institusjon har tre gangar høgare risiko for at barnet døyr under eller i løpet av første døgn etter fødselen.

Undersøkinga syner vidare at delen kvinner mellom 15 og 45 år som hadde meir enn ein times reiseavstand til eit fødetilbod auka med ti prosent frå 2000 til 2010 og at talet på fødeinstitusjonar med akuttfunksjon i Noreg i løpet av denne perioden vart lågare enn anbefalingane til Verdas Helseorganisasjon (WHO). Det kjem òg fram at risikoen for ikkje-planlagde fødslar utanfor sjukehus har verte dobla og at av 60 000 fødande årleg så føder rundt 400 av desse ufrivillig utanfor fødeavdelingar. Dette talet er stigande.

I mai 2019 vert framlegget om «å sikre en trygg og fremtidsrettet fødselsomsorg ved å sikre dagens fødeinstitusjoner» vedteke av eit fleirtal på Stortinget. No må så mange som mogleg legge press på stortingsfleirtalet om at dei tek sitt eige vedtak om ei «trygg og fremtidsrettet fødselsomsorg» på alvor.

I nyare tid har dessverre tendensen vore at skiftande stortingsfleirtal i all hovudsak har latt helsebyråkratane styre sjukehusa utan innblanding. Det er staten som har det endelege ansvaret for sjukehusa, så skulda for den skadelege sentraliseringa er det stortingsfleirtalet som har.

Raudt har heile tida vore motstandarar av helseføretaksmodellen som både har ført til skadeleg sentralisering og til at rekneskaps- og budsjettprinsipp ifrå kommersielle verksemder har vorte ein del av sjukehusorganiseringa.

Raudt vil ha sjukehusa underlagt ein open og demokratisk styringsmodell med folkevald kontroll. Sjukehustilboda må behandlast som infrastruktur og avgjerast politisk, gjennom eit system for finansiering og rekneskap som følger vanlege prinsipp for offentleg drift, den såkalla forvaltningsmodellen. Då må mellom anna stykkprissystemet fjernast. Fjernar vi helseføretaksmodellen vil det òg verte større handlingsrom for å kjempe imot skadelege framlegg om sentralisering.

Andres Hamre Sveen.

Andres Hamre Sveen. Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags