DEBATT onsdag: Drastisk linjeskifte i Arbeidarpartiet

Av
DEL

Lesarbrev 

Eg meiner vi no ser eit drastisk linjeskifte i Arbeidarpartiet. Det før så næringsvenlege partiet er ikkje til å kjenne att. Vi må skape for å dele, sa Jens Stoltenberg. No er det nye tonar i Arbeidarpartiet. Verdiskaping og næring står ikkje lenger på toppen av prioriteringslista.

Akademikarane i Oslo har lenge vore i mot konsekvensutgreiing av petroleumsutvinning i Lofoten, Vesterålen og Senja. No følger Ap på Vestlandet etter. Her seier ein altså nei til meir kunnskap. Kunnskap som kan seie noko om miljøkonsekvensane av oljeutvinning i nord. Dette er ei drastisk endring frå tidlegare, då Ap var opptekne av å ta avgjerder basert på kunnskap.

Petroleumsverksemda er ei av dei viktigaste næringane i Norge, og vil vere det i mange tiår framover om vi vel dei rette politikarane. Kvart år bidrar den med store verdiar inn i statsbudsjettet. Ap vil no altså gå inn og drastisk endre rammevilkåra for denne næringa. Ap sin miljøpolitiske talsmann, Espen Barth Eide, har tatt til orde for å diskutere leiterefusjonsordninga. Sjølv om Støre har gått i rette med dette, så seier det uansett noko om haldninga i partiet no. Store delar av Ap vil nekte petroleumsnæringa tilgang på nye område. No handlar det først og fremst om å legge hindringar i vegen, i kappløp med MDG og SV.

Når ein i tillegg ser partiet sine haldningar til det som kan bli ei stor framtidsnæring i Norge, nemleg mineralnæringa, er det grunn til å bli bekymra for det gamle næringspartiet. Ap på Vestlandet kjem truleg til å vedta at ingen framtidige søknader om å deponere gruveavfall i sjø skal bli innvilga. I praksis er det å seie nei til mineralutvinning i Engebøfjellet. For dette prosjektet er deponi i fjorden den mest miljøvenlege løysinga.

Til hausten er det val. Rett nok er det lokalval, men eg ville ha tenkt meg om to gonger før eg signaliserte det som kan bli oppfatta som støtte til det drastiske linjeskiftet vi no ser i Arbeidarpartiet.

Bilde av Odd Frantzen fra aid

Bilde av Odd Frantzen fra aid

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags