Yndestad og russisk rulett

KLIMADUGNAD: Eg meiner at Noreg må vere med på den store klimadugnaden som verda skal igjennom. Vi har eit moralsk og finansielt ansvar for dette som stor olje og gasseksportør og med pengar på bok, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå vindmølleparken på Smøla.

KLIMADUGNAD: Eg meiner at Noreg må vere med på den store klimadugnaden som verda skal igjennom. Vi har eit moralsk og finansielt ansvar for dette som stor olje og gasseksportør og med pengar på bok, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå vindmølleparken på Smøla. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEr klimaendringane menneskeskapte eller er dei ein del av ein naturleg syklus som vi ikkje kan påverke?

Odd Ivar Yndestad, administrator FB gruppen Nei til vindkraft – bevar naturen, skriv i sitt siste innlegg: «Ingen kan med sikkerhet eller annen dokumentasjon fastslå at klimaendringer er menneskeskapt. Sannsynligheten for at klimaendringer skjer naturlige er stort om ikke 100 prosent sikkert. Det er sprikende uenighet om de faktiske klimaendringer og det er umulig å forutse fremtidens klima.»
Dette har han heilt rett i. Ingen kan seie 100 % sikkert at klimaendringane er menneskeskapte, og det håpar eg inderleg at dei ikkje er. Ingenting hadde vore betre.

Dessverre seier 97 prosent av forskarane som forskar på området, at klimaendringane er menneskeskapte. Då vel eg å stole på dette store fleirtalet. Elles så kan vi også stole på sunt sunnfjordsk bondevit.

Erik Espeset

Erik Espeset Foto:

Den fossile energien i form av olje, gass og kol som vi utvinn i stort tempo i dag, er skapt av millionar år med fotosyntese der organisk materiale gradvis har blitt avsett og konsentrert i jordskorpa. Denne fossile energien utvinn vi og slepp all kolsyra frå forbrenning ut i atmosfæren i løpet av nokre få hundre år, brøkdelen av eit sekund viss vi samanliknar det med jorda si totale levetid. Trur vi at dette skaper ubalanse og påverkar atmosfæren vi lever i? Eg trur i alle fall det.

Det å satse på at tre prosent av forskarane har rett er svært risikabelt. Vi kan samanlikne dette med at vi har ein stor revolver med 100 kammer. 97 av kammera blir lada med skarp ammunisjon. Tre av dei er tomme. Så kan vi spele vi russisk rulett. Kven blir med på dette spelet? Eg har ikkje lyst til å vere deltakar, og eg vil ikkje trykke på avtrekkaren her mot ungane og barnebarna mine heller.

Yndestad er uroa for at det bli gjort naturinngrep og bygd veg til fjells. Menneska har endra på naturen sidan vi slutta å vere jegerar og sankarar. Vi har dyrka jorda og bygd bustader for folk og fe. Det er dette kulturlandskapet som vi er så stolte av i dag. Vi bygger og utvidar byane og vegane våre i raskt tempo. Kvifor er vegar til eit vindkraftanlegg så mykje verre enn anna vegbygging?

Eg meiner at Noreg må vere med på den store klimadugnaden som verda skal igjennom. Vi har eit moralsk og finansielt ansvar for dette som stor olje og gasseksportør og med pengar på bok. Vindkraft er det som kan gje oss monalege mengder med fornybar energi til ein fornuftig prislapp. Det finst gode og mindre gode vindkraftprosjekt. Vi må sjølvsagt prioritere dei beste prosjekta som gjer mest energi med minst naturinngrep.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags