Viser til oppslag om bu- og driveplikt i Firda 30. juni 2020

Av
DEL

Lesarbrev

Avgjerande viktig med lys i husa, seier kommunen.

De bur ikkje på garden, seierlandbrukssjefen.

Vi søv og et der, svarar eigaren.

Har ikkje heimel, seierkommunedirktøren.

Ei veldig politisk styrt lov, seierlandbruksdirektøren.

Ikkje nok å ha ein fast dag i veka, seier avdelingsdirektør i Folkeregisteret.

Det er avgjerande viktig for styrking av bygdemiljøet og trivsel å få tilflytting til garden og grenda og lys i husa, sa tidlegare jordbrukssjef i Flora, Annlaug Bolstad.

Dette er ikkje utkast til manus for ein spenningsfilm, men mellomtitlar i avisa Firda nr. 140 – 2020.

Eit samrøystes utbyggingsutval innvilga konsesjon i februar 2015 på vilkår av «at dei innan eit år buset seg på bruket og sjølve bur på eigedomen og driv han på forsvarleg vis i minst fem år samanhengande».

Kommunedirektør Heggheim har ikkje heimel, seier han. Heimel til kva? Har han heimel til å gå imot samrøystes vedtak i kommunalt oppnemnde utval? I dette tilfelle Utbyggjingsutvalet? Dersom han var usamd med det samrøystes vedtaket i utvalet, kvifor tok han ikkje affære for fem år sidan? Kan han i dag fortelje politikarane med landbrukssjef Bolstad i brodden, kva som var feil med det dei gjorde?

Ifølgje landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Vestland, Christian Rekkedal, er det slik at buplikta er eit politisk verktøy for å sikre busetnad i kommunane. Det er opp til dei kor aktivt dei vil bruke det.

Folketalet i Kinn går nedover. Kanskje kommunedirektøren skulle lytte litt til prosalyrikken frå den tidlegare landbrukssjefen sin.

Skal vi forstå kommunedirektøren slik at han held med dei som prøver seg? Dei som bløffar med å fortelje at dei «søv og et der» og ikkje fylgjer opp politiske vedtak.

– Vi må sjå dette i større samanheng, seier kommunedirektør Terje Heggheim i Kinn.

Han ber oss sjå til Europa der det er betydelege tillempingar i konsesjonslovgjevinga.

Det er langt frå Vasset til Europa/Brussel, kommunedirektør!

Vil oppmode deg til å halde deg på «heimebøen». Du kler ikkje å prøve deg som belærande statsmann. Slike famlande statsmannsfakter høver ikkje i Kinn.

Kanskje vil du ha større utbyte av å lese Folkeregisterlova og lytte til kva avdelingsdiktør Elin Imsland seier:

«Folkeregisterlova seier at ein person vert registrert med bustad der vedkomande regelmessig tek si døgnkvile. I denne samanhengen betyr omgrepet regelmessig døgnkvile spesifikt at du har døgnkvila på same stad over ei viss tid. Det betyr også at du tek nattesøvnen eller tilsvarande kvile på staden. Viss ein har felles heim med ektefelle eller barn, vert bustaden registrert der desse er busette. Offentlege styresmakter og verksemder er faktisk pliktige til å melde inn til oss når dei oppdagar avvik, t.d. mellom adresser der nokon står folkeregistrert og der vedkomande faktisk bur».

Det kan sjå ut som kommunedirektøren har forsømt seg her. Ifølge Folkeregistreringslova pliktar han å melde frå til Folkeregisteret når han oppdagar avvik.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags