Virus og rangel

Må pubane osv stenge om det blir skjenkestopp? spør Einar Solheim.

Må pubane osv stenge om det blir skjenkestopp? spør Einar Solheim. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Etter ein rangel kan ein brått vere smitta.

Dessverre treng ein ikkje rangle for å bli smitta av korona, veit eg.

Men det hjelper.

Er det fullstendig utenkeleg med eit uteliv utan at alkohol er tilgjengeleg nesten HEILE tida?

MÅ pubane osv. stenge om det blir skjenkestopp?

Viss utelivsbransjen og folket i Førde og Norge fekk valet mellom å kunne ha eit uteliv der det vart skjenka alkoholfritt, eller ikkje opne utestader i det heile. Kva ville dei og vi velje?

Vi ville valt å kunne gå ut, trur eg.

Sjølv om vi ikkje fekk kjøpe alkohol, håpar eg.

Serveringsstadane vel å stengje når dei ikkje får skjenke, veit eg.

Inntekta er for avhengig av at et vert selt alkohol, trur eg.

Men om dei skjenka alkoholfritt?

Ville det vere mogleg, spør eg.

Mogleg det er ein naiv tanke, men tenk kva reaksjonane var då røykelova kom.

Det vart ikkje den krisa for utelivsbransjen «alle» trudde.

Det er for mykje å tene på å selje alkohol til at utelivsbransjen greier seg utan, trur eg.

Nei, forresten, eg trur eg VEIT det.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken