Vindmisbruk av FN-rapport

SERIØST: Skal vindinteressene bli tatt seriøst må dei i alle fall slutte å bruke ein minimums-definisjon av vindkrafta sin arealbruk. Ein definisjon som sjølv vindlanda Tyskland og Danmark har forlatt for lenge sidan, skriv artikkelforfattaren. B ildet er av vindmøller i Eigersund i Rogaland. .

SERIØST: Skal vindinteressene bli tatt seriøst må dei i alle fall slutte å bruke ein minimums-definisjon av vindkrafta sin arealbruk. Ein definisjon som sjølv vindlanda Tyskland og Danmark har forlatt for lenge sidan, skriv artikkelforfattaren. B ildet er av vindmøller i Eigersund i Rogaland. . Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Dagens politisk praktiserte definisjon av vindkrafta sin arealpåverknad er over 100 gonger større enn vind-utbyggarane hevdar i Firda:

Spesialrådgjevar Andreas Thon Aasheim i Norwea hadde i Firda 23.04 eit kraftig åtak på konsulentselskapet Asplan Viak. For metodefeil og kraftig overdriving av vindkrafta sitt arealbehov. Asplan Viak v/seniorplanleggar Erik Plathe opprettheld i Firda 27.4 sin påstand under overskrifta: «Vindkraft omdisponerer areal i svært stor skala».

Plathe/Asplan Viak kommenterer ikkje Aasheim/Norewa sin avsluttande påstand om at vindkraft er mykje meir arealeffektivt enn vasskraft: «FNs Ressurspanel definerer vindkraft som over 40 ganger mer arealeffektivt enn vannkraft. Dette burde konsulentene i Asplan Viak vite og vise», hevdar Aasheim

Eg las i fjor, som generelt samfunns- og miljøinteressert, denne FN-rapporten som del av det å setje meg betre inn i energispørsmål. Propaganda har alltid ein kjerne av sanning, men i motsetning til vitskap er drøfting og motargument tatt vekk for å tene eit bestemt føremål. Aasheim har ikkje tilvisingar til FN-rapporten så interesserte sjølve kan sjekke påstandar, eit typisk teikn på propaganda.

Rapporten er «Green energy choices: The benefits, risks and trade-offs of low carbon technologies for electricity producting» (www.resourcepanel.org). Det er ein såkalla meta-rapport, ei oppsummering av forsking på eit felt som blir gjort med nokre års mellomrom. Her forsking på ulike kjelder/teknologiar for produksjon av elektrisitet.

Når det gjeld vindkapittelet er det klart forelda. Dei 40 grunnlagsrapportane (tabell 5.1 s. 210-2011) er alle frå 2002–2012. Eigenskapane til dei ulike elektrisitetskjeldene er samanlikna med den globale elektrisitetsmiksen i 2010. Det er skjedd mykje sidan 2010, så rapporten er delvis utdatert og må brukast med varsemd.

Det mest iaugefallande i vindkapittelet: Den store forskjellen mellom permanent areal i tyding faste vegar og oppstillingsplass for sjølve vindturbinen, i høve til totalarealet (tab. 5.4 s. 226). Her er faktorane 2,7 i høve til 345. Altså over 100 gonger større om ein reknar totalareal.

Forfattarane vel 2.7 (berre veg og vindturbinar) som definisjon av arealbruk. Men er klar over at dette er kontroversielt. Og understrekar i kapitteloppsummeringa (s. 240) at «If an an entire wind park area is considered, land use would … exceed the land use of the global electricity mix». Dvs at når det gjeld total arealbruk er vindkraft ei av dei mest arealkrevjande elektrisitetskjeldene I verda.
Denne type opne premissar og drøftingar om val av definisjonar er ein hovudforskjell på vitskapleg metode og propaganda.

Det er og feil at vind- og vasskraft er direkte samanliknbare, slik Aasheim gjev inntrykk av. Rapporten understrekar at vind og sol – i motsetning til andre energikjelder – ikkje kan stå på eigne bein. Dei er så veravhengige at dei må andre pålitelege stabile energikjelder som fordyrande backup. Energien som vind og sol lagar kan ikkje langtidslagrast. Ver-variasjonane krev tilpassingar i elnettet, dyrare di meir av sol og vind som skal inn.

Når det gjeld vasskraft presiserer FN-rapporten at den er meir verdifull på fleire måtar:
Oppdemma kraftmagasin kan og fungere som ferskvasskjelder, transportveg for båtar, vatning, flaumkontroll, fiske og turisme. I rapporten si drøfting el-nettverk og lagring blir det framheva at vasskraft med oppdemma magasin på mange måtar er «an ideal power balancing opportunity». Ein ideell kombinasjon av stabil kraft både i stand til å dekke kortsiktig og langsiktig energiforsyning (s. 401).

Utviklinga etter 2010 viser i tillegg at grensene for arealpåverknad i praktisk politikk stadig blir utvida utover sjølve vindanlegget sine grenser. Døme frå to av føregangslanda for vindkraft både i Europa og verda, Danmark og Tyskland:

Bayern vedtok i 2014 10xh som avstand til busetnad. Med dagens turbinhøgder på 150–250 m blir det 1,5-2,5 km, og det har knapt blitt bygda ein vindturbin der sidan. München-selskap må i staden til Noreg for å få bygge ut, som vi veit. Merkel si konservative regjering kompromissa i klimapakken i september på 1000 m avstand nasjonalt frå turbinar til busetnad. Denne grensa blir det framleis krangla om, fordi det vil innskrenke bygging av nye vindturbinar kraftig.

Vindturbinane er også blitt mindre populære i Danmark. Difor auka Folketinget i haust avstand og innløysingsplikt og betaling gjeldande frå 2020:

Dei som bur i avstand 4-8x møllehøgd – for ei 200 m høg mølle 800–1600 m – kan få ei årleg skattefri utbetaling på 5000 danske kroner. Dei som bur nærare enn 6x møllehøgd – 1200 m for ei 200 m mølle – får rett til å selje huset sitt til vindutbyggar.

Siste utviklinga er at arealinngrep blir endå større når turbinane blir over 150 m. Og krev lysmerking og blir synlege over fleire mil, som stadig fleire her i Noreg reagerer på.

Arealpåverknad av vindkraft vil variere på ulike måtar og frå prosjekt til prosjekt. Men Aasheim/Norwea sin bruk av FN sin gamle ressursrapport i Firda høyrer inn under kategorien «propaganda» og ikkje seriøs vitskap og metode. Som vist ovanfor.

Skal vindinteressene bli tatt seriøst må dei i alle fall slutte å bruke ein minimums-definisjon av vindkrafta sin arealbruk. Ein definisjon som sjølv vindlanda Tyskland og Danmark har forlate for lenge sidan.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags