Vindkraftutbygging er uaktuelt i våre kommunar!

UNISONT: MSYS aksepterer ikkje vindkraftanlegg i våre kommunar og forventar at den komande stortingsmeldinga tek fullt og heilt omsyn til dette lokale og unisone standpunktet, skriv artikkelforfattarane. Bildet er frå vindmølleparken på Smøla.

UNISONT: MSYS aksepterer ikkje vindkraftanlegg i våre kommunar og forventar at den komande stortingsmeldinga tek fullt og heilt omsyn til dette lokale og unisone standpunktet, skriv artikkelforfattarane. Bildet er frå vindmølleparken på Smøla. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn (MSYS) har sendt innspel til Olje- og energidepartementet (OED) med våre krav til ei stortingsmelding som er på trappene. MSYS har argumentert mot ei stortingsmelding som opnar for overkøyring av folkemeininga, organisasjonane og kommunestyra i kommune våre.

Stortingsmeldinga skal, ifølge OED, «se grundig på hele konsesjonssystemet». MSYS går mot ei melding som berre inneheld kosmetiske endringar. Vi vil rett og slett ikkje akseptere at vindkraftselskapa får halde fram som dei har gjort.

NVE-rapporten «Konsesjonsprosessen for vind» kraft på land foreslår å «Bruke analysene frå forslaget til nasjonal ramme som lokaliseringssignal for ny vindkraft». I kommunane våre, Fjaler, Gaular (no Sunnfjord), Hyllestad og Høyanger, blei desse «analysene» forkasta så godt som unisont. Vi meiner desse fjellområda har langt sterkare verdi som naturområde, for miljø og for friluftsliv enn det som kom fram i «analysene» til NVE.

MSYS aksepterer ikkje vindkraftanlegg i våre kommunar og forventar at den komande stortingsmeldinga tek fullt og heilt omsyn til dette lokale og unisone standpunktet.

MSYS meiner at stortingsmeldinga må gje kommunane vetorett mot dei grove inngrepa som vindkraftutbygging inneber i kommunane sine naturområde. Vi meiner også at kommunane må kunne påleggje uønskte vindkraftselskap å trekkje seg ut av kommunen – slik Høyanger kommune har bedd Fred. Olsen Renewables å gjere, men som selskapet ikkje har gjort.

Vi meiner at plan- og bygningslova må endrast slik at kommunane får same myndigheit over areala sine når det gjeld vindkraftutbygging som kommunane har når det gjeld andre utbyggingsformål. MSYS krev at stortingsmeldinga går inn for eit konsesjonssystem som gjev kommunane rett til ei plan- og bygningslov der kommunen kan vedta arealbruk som inneber at areala blir sikra mot naturøydeleggjande vindkraftutbygging.

Vindkraftkonsesjonar har skilt seg negativt frå vasskraftkonsesjonar ved at det endelege resultatet av vindkraftkonsesjonar ofte/oftast har blitt noko anna enn konsesjonspapiret skulle tilseie. Eit eksempel på dette er Guleslettene, der Flora kommune sa ja til konsesjon, men resultatet blei så annleis at Flora-ordføraren Ola Teigen samanfatta det slik i BT: «Vi er blitt overkjørt».

Naturverdiar, naturmangfald og friluftsliv må få ein sterkare posisjon i konsesjonsprosessen. Dei store ulempene, i form av redusert livsverdi gjennom øydelagde naturområde, støy og reduserte eigedomsverdiar, er uakseptable.

MSYS meiner at heile konsesjonsprosessen må endrast slik at det er konsistens mellom det som er synleggjort i prosessen og det som blir den faktiske utbygginga. Natur- og miljøverdiar må få sterkare sikring gjennom konsesjonssystemet. Ulempene i lokale omgjevnadar må utgreiast betre og kompenserast fullt ut.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags