Vindkraftindustri og utlandet

KAPITAL: Kvifor er det så galt at utanlands kapital investerer i Noreg? Er det like galt at norsk kapital investerar i utlandet? spør artikkelforfattaren.

KAPITAL: Kvifor er det så galt at utanlands kapital investerer i Noreg? Er det like galt at norsk kapital investerar i utlandet? spør artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg må berre få takke Erik Espeset for lesarinnlegga i Firda – takk for at du tar opp kampen mot «Motvind» og skaper litt balanse i debatten omkring vindkraft! Dei som synast du driv med personåtak, få heller ta sovemedisin.

Kva hadde Norsk Hydro blitt i 1905 viss ikkje fransk (utanlandsk!) kapital hadde gått inn med pengar for å etablere selskapet? Kva hadde Yara og Equinor vore i dag viss ikkje desse selskapa hadde investert (norsk) kapital i utlandet? Kva hadde Statens Pensjonsfond Utland (Oljefondet) vore viss det ikkje hadde kunna investere i utlandet?

Kvifor er det så galt at utanlands kapital investerer i Noreg? Er det like galt at norsk kapital investerar i utlandet? Kvifor er det så galt at Noreg evt. kan selje rein, fornybar elektrisk kraft til utlandet – men heilt greitt at Noreg sel/ eksporterar forureinande, fossilt brensel til utlandet?

Eg prøver å løfte hovudet opp frå min eigen navle – og passar på at nisselua ikkje kjem altfor langt ned i augo!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags