Sommarbrev i ein «blygrå søndfjordsk sommerkvæld»

TIVOLI: – Vitet har vel forlate oss før vindturbinane kjem over fjelltoppane, og vi kjem til å tru at vi er på tivoli på Gaularmarknaden, skriv Per Kjelstad

TIVOLI: – Vitet har vel forlate oss før vindturbinane kjem over fjelltoppane, og vi kjem til å tru at vi er på tivoli på Gaularmarknaden, skriv Per Kjelstad Foto:

Av
DEL

MeiningarDet slår ikkje feil, kvar einaste sommar gjev vêret meg sjanse til å hugse O.W. Fasting sin hyllest til «disse blygrå søndfjordske sommerkvælde».

No har vi passert solsnu, og skodda sig ned over fjelltoppane. Ein laber bris frå nordvest fører yret rett i ansiktet og ristar samstundes væte og flått ned frå busker og kratt. Heimesauene og flaskelamma hengjer med øyro og ser på meg som dei var resignerte KrF-arar frå distrikta, og eg var Erna Solberg. Katten ristar labbane varsamt og søkjer ly i låvedøra.

I dag ser eg ikkje fjella i sør, dei som skal prydast med 200–300 meter høge vindturbinar, frå Blåfjellet til Holsnipa. Vert det råd å sjå 40 eller 50 av desse vidundera? Kanskje kan ein også ane dei blinkande lysa gjennom disen ein blygrå kveld i juli. Ja ja, vi eldre får no ta atterhaldet «dersom vi lever og har helsa då». Vitet har vel forlate oss før vindturbinane kjem over fjelltoppane, og vi kjem til å tru at vi er på tivoli på Gaularmarknaden.

Få av oss som bur her i Søre Sunnfjord/Ytre Sogn hadde vel trudd at denne våren og sommaren skulle by på det største trugsmålet mot natur og busetnad som vi har opplevd i vår tid. Det verste er likevel at vi kjenner oss hjelpelause på ein heilt ny måte. Vi møter eit lovverk som manglar normale politiske og byråkratiske grensesettingar.

Her er det villvest. Den som kjem fyrst, styrer showet. Det er den sterkaste sin rett, den som har kapitalsterke partnarar og gode politiske kontaktar på høgt plan. Det gjeld og å ha råd til å leige dei såkalla kommunikasjonsbyråa der broilerane vandrar fram og attende mellom høge politiske posisjonar og godt betalte oppdrag for ansiktslause oppdragsgjevarar. Der kan ein gjere vind til vin og naturrasering til miljøvern. Og her hastar det. Skal dei norske spekulantane som no arbeider i området få maksimal forteneste på å selje anlegga til store utanlandske selskap må ein få konsesjonane i hamn og kome i gang før 2021. Då vil omsetnadsverdien gå ned, for då vert subsidieringa frå dei grøne sertifikata trappa ned.

Difor hastar det, «agentane» må arbeide i skuggen, fare frå gard til gard og servere solskinshistorier om lettente pengar og ingen biverknader. Angeren kjem etterpå, når realitetane kastar sine skuggar. Her byrjar no å kome opplysningar om grunneigarar som kjenner seg narra på dei stadene der utbygginga allereie er utført. Verre er det at det vert sådd splid mellom naboar, mellom grunneigarar og andre bygdefolk. Dette kan verte sår som gror seint, viss dei gror i det heile. Også her kan ein søkje kunnskap frå dei som har prøvt det.

Eg skreiv ovanfor at det var villvest. Det er også lite ringverknader til lokalsamfunnet. Skattlegginga er minimal, berre eigedomsskatt til kommunane. Skal denne skatten verte av merkbar storleik, må kommunen godta ei naturrasering utan grenser. Difor har alle kommunar som hittil har uttalt seg om NVE sin rammeplan sagt nei. Eg er optimist, og trur at Hyllestad og Gaular også seier nei. Dessverre bit ikkje dette på utbyggingsselskapa, dei seier sjølve at dei held fram som før.

Vi må difor stille krav til oss sjølve og våre representantar på ulike plan. Vindkraft i vår natur må verte ei valkampsak. Held vi ei klår line, vil kommune–og fylkespolitikarane forstå alvoret. Då er sjansen for å påverke dei sentrale styresmaktene og til stades. Kanskje må dei då finne tiltak i «det grøne skiftet» som er reelle og gjev noko meir enn symbolverknader.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags