Nei til vindkraft i Vestland

NATURMANGFALD: Vi vil på den andre sida sjå det som eit veldig godt steg i rett retning når det gjeld å styrke naturmangfaldet dersom kommunane og lokalsamfunna blir skåna for vindkraftutbygging, skriv artikkelforfattarane.

NATURMANGFALD: Vi vil på den andre sida sjå det som eit veldig godt steg i rett retning når det gjeld å styrke naturmangfaldet dersom kommunane og lokalsamfunna blir skåna for vindkraftutbygging, skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

LesarbrevVi ser at areal i heile 18 kommunar innafor Vestland sine grenser, er med i NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft. NVE har funne deler av desse kommunane eigna for vindkraft. Basert på vår kjennskap til natur, miljø og friluftsliv i desse kommunane, vil Raudt Vestland kome ned nokre få eksempel på argument for at desse areala blir tekne ut av nasjonal ramme.

For innbyggjarane i kommunane har desse areala stor betydning som rekreasjonsområde og er, pga. kort avstand til, i langt større bruk enn geografiske område som nasjonalt har fått høgare status (og vern) og som NVE derfor har funne ueigna til vindkraft.

I NVE sitt forslag er m.a. geografiske område som rettmessig har fått ein eller annan vernestatus, heldigvis funne ueigna for vindkraft. Raudt Vestland ser det som positivt at forslaget ikkje inneber å røre desse områda – område som også er ein del av Noreg sine internasjonale plikter. Vi er derimot ikkje heilt sikre på at NVE sitt forslag tek tilstrekkeleg omsyn til kva som i framtida, og nær framtid, kan bli behov for å verne mot inngrep. Eit område som kan eksemplifisere dette er Fjonfjella vest for Romarheimsdalen – noko som er nemnt både i Lindås kommune si høyringsfråsegn og frå Fylkesmannen i Vestland og Miljødirektoratet si si side. Eit anna forhold i same lei, er omsynet i nærområda til verna natur – noko Gaular kommune har med i sin uttale, der kommunen «oppmodar OED om å legge fram ei sak for Stortinget der vindkraftutbygging i nedslagsfelta for verna vassdrag vert vurdert».

Vi er likevel djupt ottefulle for den industrialiseringa av naturlandlandskapa som kan kome i kjølvatnet av ein eventuell sentral aksept for NVE sitt forslag til nasjonal ramme. FN har i ein rapport i vår understreka at tap av naturmangfald er ein like stor trussel mot jorda si framtid som klimatrusselen. Etter vår meining tek ikkje NVE sitt forslag dette godt nok innover seg – noko m.a. også uttalen frå Fitjar kommune seier noko om: «tråd med FN sin rapport om naturmangfald og arealbruk må urørt natur, [---], vektast mykje sterkare i utgreiingane.»

Dei mange uttalane som OED har fått frå kommunar og organisasjonar, peikar tydeleg i same retning. Uttalane er gjennomarbeidde og veldig konkrete i sin argumentasjon for at areala i deira kommunar må ut av nasjonal ramme.

Også i dokumentasjonen frå NVE finn ein nyttige argument for at areal må ut av nasjonal ramme. Miljødirektoratet har når det gjeld forhold i delområde Sunnfjord og Sogn peika på følgjande:
• «… vestre Høyanger har flere våtmarksområder som er verna både som …»,
• «Naturverdiene i fjellområda er dårlig kartlagt og lite kjent»,
• «Det er også verdifulle, sammenhengende naturområder i de sentrale og østlige fjellområder innenfor analyseområdet»… Det er spesielt nemnt «større, sammenhengende områder mellom Lavik og Vadheim»,
• «Med unntak for veier og ei større kraftlinje nord-sør er den aller østligste delen av området stort sett urørt, sammenhengende natur».

Høyanger kommunestyre har på ein god måte uttrykt sin motstand mot at areal i kommunen skal inn i NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft:

«Eit vindkraftanlegg høgt til fjells er å sjå på som eit stort industrianlegg, ofte plassert i urørt natur. Den teknologiske utviklinga i bransjen går i retning av høgare master med breiare vengespenn. Vindkraftanlegga legg beslag på eit monaleg større areal enn dei fysiske vindturbinane er plasserte. Naturinngrepa i tilknyting til vegane til anlegga vil også føre til store irreversible sår i naturen. Fleire vil karakterisere dette som visuell forsøpling. Ein er redd for støy frå mastene, og sjølve anlegga vil vere til stor sjenanse for alle dei som vil ha ei genuin naturoppleving i fjellet».

Vi meiner dette er ein god samnemnar for korleis kommunar flest og organisasjonar i Vestland fylke ser på NVE sitt forslag.

Vi registrerer at fleire parti i Stortinget og lokale partilag, har gått inn for kommunalt veto mot vindkraftanlegg. Dei andre partia har vore meir avmålte og uttala seg slik at ein kan håpe at kommunane skal få det avgjerande ordet. Det er gledeleg.
Vi vil sjå det som ei svekking av lokaldemokratiet dersom Olje- og energidepartementet og andre deler av sentrale styresmakter no ikkje tek dei lokale uttalane så sterkt på alvor at dei blir avgjerande.

Vi vil på den andre sida sjå det som eit veldig godt steg i rett retning når det gjeld å styrke naturmangfaldet dersom kommunane og lokalsamfunna blir skåna for vindkraftutbygging. Ein slik politikk frå sentralt hald, vil også vere med og styrke folkehelsa og livsgleda ved at viktige rekreasjonsområde for friluftsliv ikkje blir reduserte.

Vi ser også NVE sitt forslag i lys av sentrale styresmakter sin meir generelle energipolitikk. Vi ser at utbygging av vindkraft vil auke Noregs kraftoverskot og innebere auka eksport og krav om fleire/større eksportkablar. Dette vil føre til import av høgare kraftprisar – noko som går ut over dei som frå før er økonomisk vanskelegstilte og i tillegg rammar arbeidsplassane – særleg i den kraftkrevjande industrien som er ei ryggrad i Vestland.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags