Frå nasjonal ramme til verneplan

Marthe Hammer

Marthe Hammer Foto:

Av
DEL

LesarbrevVestland SV er mot meir vindkraft på land fordi dei planane som ligg føre har store negative følger for natur og miljø.

Nasjonal ramme for vindkraft vart presentert i vår og høyringsfristen var no i haust. Det er mange gode grunnar for ikkje å vedta den nasjonale ramma for vindkraft slik den vart lagt fram frå NVE, og dei mange høyringssvara frå kommunar og friluftsorganisasjonar her på Vestlandet, er med god grunn, svært negative.

17. oktober kunne vi lese at Erna Solberg og regjeringa skrotar nasjonal ramme for vindkraft. I utgangspunktet kan det høyrest ut som ein siger for naturmangfaldet. Men det å berre skrote den nasjonale ramma for vindkraft, er ikkje ein veg å gå. Då vert behandlinga av vindkraft på same tilfeldige måte som no. Kvar einskilde kommune, kvar grunneigar, kvar næringsaktør får fritt spelerom.

Heile forvaltninga av vindkraft har i alt for lang tid vore prega av ansvarsfråskriving og manglande politisk styring, det kan ikkje halde fram. Det vi i staden treng, er ein plan som sikrar verdifulle natur- og friluftsområde frå utbygging av landbasert vindkraft, slik Forum for natur og friluftsliv og fleire har etterspurt.

Nasjonal ramme må endrast til å bli eit kart som viser kva for område vi ikkje skal ha vindkraftverk på land. Ein verneplan for kyst- og fjellandskap mot vindkraftutbygging og tyngre, tekniske inngrep. Dette vil også gjere konsesjonsprosessen meir effektiv, ved at ein tidleg kan seie nei til vindkraftutbygging.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags