Vindkraftanlegg på land i Sunnfjord og Ytre Sogn? Synspunkt frå ein grunneigar

VEIT IKKJE: – Etter to informasjonsmøte må eg dessverre konkludere med at informasjonen ikkje er god nok til at eg kan ta eit ryddig standpunkt for eller mot vindmøller. (Bildet er frå det avlyste prosjektet til Sula Kraft AS).

VEIT IKKJE: – Etter to informasjonsmøte må eg dessverre konkludere med at informasjonen ikkje er god nok til at eg kan ta eit ryddig standpunkt for eller mot vindmøller. (Bildet er frå det avlyste prosjektet til Sula Kraft AS). Foto:

Av
DEL

MeiningarNVE melde 01.04.2019 at det er 13 område i Norge som er eigna for vindkraftanlegg på land. Eitt av desse områda ligg i Sunnfjord og Ytre Sogn. Ut frå høyringsutkastet til NVE kan det sjå ut som at min eigedom i Hyllestad kommune kan bli involvert. Kva skal eg meine om dette, og kva konsekvensar kan ei slik utbygging få for mitt nærområde i notid og i framtid? Dette ynskjer eg å finne ut meir om.

Etter ei søkerunde på nettet om vindmøller såg eg raskt at dette er eit «kvefsebol» av meiningsytringar. Slik eg kjenner informasjonsprosessen i denne vindkraftsaka har det vore to opne møte. Eit informasjonsmøte i regi av BKK og Zephyr på Yndestad Gard og eit møte v/Guddalen grendelag. På Yndestad gard vart det mest generell informasjon om sentrale planar. Lite tid til faktaopplysningar i saka. Det er ei kjend sak at slike utbyggingssaker vekker kjensler i lokalbefolkninga, og det burde derfor vore sett av tid til oppfølgingsmøte der impliserte grunneigarar fekk meir konkret informasjon; til dømes kva eigedommar vert råka av utbygginga. Eg er ikkje kjend med at det har vore slikt møte i etterkant.

Synergieffekten til lokalsamfunnet vart redusert til innkjøp av ein pose kaffi på lokalbutikken.

Leikny Dale

NRK Sogn og Fjordane melde 6. juli om at NVE skjerpar krava til konsesjonærar, dei skal involvere lokalbefolkninga i planlegging og eventuell utbygging av vindkraftanlegg på land. Seksjonssjef Eivind Leirseth i NVE seier at han ser variasjon i kor flinke konsesjonærar er i høve å skape ein god dialog i desse store og tunge utbyggingssakene. Dette er eg samd i. Uryddige prosessar kan fort bli skadeleg for miljøet i små lokalsamfunn. Ingen veit noko sikkert.

Det andre informasjonsmøte var v/Guddal grendelag på Guddal skule. FNF (Forum for natur og friluftsliv) Sogn og Fjordane v/ Elisabeth Dahle gjekk gjennom utvalde deler av NVE sitt Forslag til nasjonal rammeplan for vindkraft? I same vendinga hevda ho at utbyggingsplanen for Lutelandet var ekskludert utan avbøtande tiltak til kommunen (ikkje noko meir forklaring på dette)? Sidan opplysninga om Lutelandet var heilt ny for meg sjekka eg dette i etterkant av møtet. Konsesjonen for Lutelandet Energipark vart gitt i 2011 og klagen avslått året etterpå. Konsesjonen er såleis rettskraftig. Det som har vore ute på høyring siste tida er detaljplanen, ein såkalla MTA-plan. Der har utbyggar lagt opp til nokre endringar, mellom anna reduksjon av tal turbinar, men auka rotordiameter på turbinane. Denne planen er no godkjent av NVE. I lyset av desse to «situasjonane» tolkar eg FNF sin informasjon om vindmølleutbygging i dette område som ikkje valid.

Sveinulf Vågane representerte La naturen leve. Presentasjonen hans var mykje lik argumenta som vart nytta i høve Lutelandet på begynnelsen av 2000-talet. Det var mange ting i presentasjonen eg gjerne skulle kommentert, men eg har valt ut nokre moment som eg føler ikkje kan stå uimotsagt. Vågane sa at slike anlegg med fyllingar/skråningar kan føre til skade på ville dyr og at dyra vert «stressa» av møllene. Eg oppfatta ikkje at han dokumenterte dette. Dei siste åra har det i S/YS vore ein del «stressa» saueflokkar pga. ulv. I Ytre Sogn er det verken rein eller elg. Hjorten har for lengst sentralisert seg til dyrka mark, og ingen veit kvar haren hoppa. Eg les i høyringsutkastet til NVE at det er lagt vekt på Miljødirektoratet si grunngjeving ved utarbeiding av eksklusjonsområde (skjermast mot utbygging). Miljødirektoratet føreslår skjerming av kvernsteinsområde pga. kulturminne og i høve friluftsliv i Hyllestad og Fjaler har Miljødirektoratet føreslått Lifjellet skjerma. I Høyanger, Gaular og Askvoll er det derimot trekt fram mange sårbare område. Miljødirektoratet viser òg til verneområde for fugl i Hyllestad og Høyanger.

Vågane kommuniserte at lyd/blink frå vindmøller kan forkorte livet med 2–3 år. SSB og Folkehelseinstituttet har tal som viser kven som lever lengst i Norge. Forkorta levealder pga. vindmøller finst ikkje på nokon slik statistikk. I høve forkorting av levealder er det heilt andre faktorar som gjeld. Ein kjend faktor er skiftarbeid, og då helst nattevakter. Nattevakter gjev i tillegg auka risiko for brystkreft hjå kvinner (STAMI, 2. april 2019). Det vart og vist fleire bilde frå iskasting frå propellane på møllene. Faren for å bli skada av iskasting langt inne på fjellet er truleg langt unna ulukkestala vi kjenner frå uvettige turistar som går for nær brearmane i indre Sogn.

Synergieffekten til lokalsamfunnet vart redusert til innkjøp av ein pose kaffi på lokalbutikken. Alt anna utbyggingsmateriell/utstyr sa Vågane entreprenøren skyssa med seg til utbyggingsområde (frakta på båt), altså vert det ikkje nytta lokal arbeidskraft/bedrifter eller anna lokal støtte ved slike utbyggingsanlegg. Dette får eg ikkje til å stemme! Sidan prosjektet ikkje viste noko bilde av brakkeriggar på anleggsområdet tenkjer eg at anleggsarbeidarane bur på hotell eller anna innkvartering i nærområde, arbeidstøy skal vaskast og store mengder drivstoff blir nytta i anleggsperioden.

Etter to informasjonsmøte må eg dessverre konkludere med at informasjonen ikkje er god nok til at eg kan ta eit ryddig standpunkt for eller mot vindmøller. Konsesjonærar framstiller eit prospekt utan konkret å vise til kvar dei tenkjer at møllene skal stå, og er utydeleg på fakta om fordelar og ulemper knytt til landskapsendring (vegtrasear) og avbøtande tiltak til kommune og grunneigar. Miljøvernorganisasjonane opplever eg appellera til følelsar og legg lite vekt på å dokumentere fakta. Fjaler kommune sitt vedtak K- 072/19 vart kommunisert til møtelyden på Guddal skule, men den siste setninga i vedtaket vart ikkje nemnd. Denne setninga lyder slik: Fjaler kommune ber NVE legge fram eit nytt kart som avspeglar det reelle behovet for areal for vindkraftutbygging.

Ordføraren i Hyllestad har informert om at det vert folkemøte 2. september om vindmøllesaka, kommunestyret skal handsame høyringsutkastet 5. september. Eg håpar at NVE og konsesjonærar er til stades og gjev avklarande fakta om eventuell utbygging av vindkraftanlegg – kvar i område Sunnfjord og Ytre Sogn er det tenkt at møllene skal stå?

Kommuneøkonomien i Hyllestad er særs anstrengt. Eg forventar at folkevalde ser på alle potensielle inntektskjelder til kommunen med ope sinn, og legg til rette for best mogleg framtid for kommande generasjonar. Forventa utvikling i befolkninga i 2030 er 1193 (SSB). Innbyggarane i Hyllestad kommune har rett på lovpålagde tenester av god kvalitet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags