Kjære grunneigarar, ikkje hopp på vindmølle-toget

IS I MAGEN: Forfattaren av innlegget meiner det vil komme andre og betre løysingar.

IS I MAGEN: Forfattaren av innlegget meiner det vil komme andre og betre løysingar. Foto:

Av
DEL

LesarbrevLeikny Dale skriv i Firda at ho etter uklar informasjon frå NVE, ikkje greier å ta ein standpunkt til om ho skal selje løyve på eigedomen sin for vindmølleutbygging. Ifølgje grunneigaren har det vore opne prosessar (i alle fall invitasjonar til grunneigarane), for planlegging av utbygging og annan generell informasjon. Det er her eg stussar, for vindmølleparkane som no blir sett opp langs heile kysten frå Rogaland til Trøndelag, vil også ramme lokalbefolkninga, ikkje berre grunneigarane. Kvar er prosessane som involverer folket si meining, både lokalt og nasjonalt? Dette er storskala industri med store inngrep og konsekvensar for norsk natur og kultur. Mi meining er at dette store prosjektet ikkje burde ha fått løyve til å byrje før vi har sikra ein god debatt i media og rundar i stortinget. Korleis vi skal sikre berekraftig energi for framtida burde vere endå meir diskutert før vi gyv laus på alle knollar og kollar rundt ikring.

Leikny seier ho har prøvd å undersøkje faktaa mot vindkraftutbygging. Her er dei:

1) Vindkraft er ikkje ei langsiktig løysing for å dekke framtidas energibehov. Det må ifølgje NVE byggjast mange vindmøller på same plass, og dei må ha store rotorblad for at dei skal vere effektive. Dette er grunnen til at dei ynskjer å sprenge plass til store vindmølleparkar. Med framtidas behov for energi, og vindmøllenes ineffektivitet og plassbehov, blir vi nøydde til å sprenge ut mykje meir urørt natur enn det som ligg framme i planane til NVE per no.

2) Ifølgje FNs klimapanel (naturpanelet IPBES), så er utrydding av dyr og artsmangfald, overutnytting av ressursgrunnlaget både til havs og på land, utbygging i naturen, vår tids aller største utfordring. Ja, økt drivhuseffekt og klimaendringar er også viktig, men eg vil poengtere her at dette kjem i andre rekke etter naturvern. Alt dette heng jo sjølvsagt saman, og det er derfor forunderleg at fornybar energi skal stå i motsetning til naturvern. Dersom vindmøllene skal vere så miljøvennlege, så burde vi byrje å diskutere løysingar til havs, for dei finst.

3) Vi har per dags dato nok kraft til å forsyne Noreg (I følge NVE ut 2030). Det er mykje forsking nett no på fornybare løysingar, ha litt is i magen, så kan vi snart snakke om utvinning av thorium til bruk i kjernekraftverk og energiforsyning til lang framtid.

4) Uklar informasjon frå NVE? Eg er ikkje overraska, vi (i alle fall vi som ikkje er grunneigarar) har alt å tape, dei har alt å vinne. Ikkje la tvilen kome dei til gode. Kanskje er det nettopp grunneigarane som må stå igjen med oppryddingsarbeidet når det har gått 20 år og vindmøllene blir erstatta med anna meir «rein» og lønsam energi? Eit tysk energiselskap gidd vel ikkje å ta rekninga for oppryddinga?

5) For meg verkar det som at grunneigaren leitar etter samfunnsøkonomiske svar og tal. Til dømes på kor stressa dyr og menneske kan bli i område der det allereie eksisterer vindmøller. Dessverre er dette ikkje mogleg å måle. Men det er mogleg å tenke seg til kva innverknad dette vil ha for dyr som blir jaga frå sine «heimar» og jaktområde der sprenginga startar. Eg reknar med at dersom meir industri og til dømes hytteutbygging i Noreg får fortsetje å bygge ut, får vi eit problem med å halde oppe artsmangfaldet vi har i dag.

Eg er også for utvinning av meir fornybar energi, og vi er mange som er det. Eg oppmodar grunneigarane til å ha litt is i magen, og la denne debatten få skyte litt fart før vi (de) hoppar på vindmølle-toget. Denne «energi-floka» burde løysast på ein meir naturvenleg måte.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags