Luftig om vindkraft frå Hyllestad

Høgjæren vindkraftverk. Ein mengde isklumpar har ramla ned rundt ein vindturbin. Her er det svært farleg å opphalde seg når det er fare for ising.

Høgjæren vindkraftverk. Ein mengde isklumpar har ramla ned rundt ein vindturbin. Her er det svært farleg å opphalde seg når det er fare for ising. Foto:

Av
DEL

LesarbrevLeikny Dales innlegg i Firda 9. juli er så fullt av misforståingar og irrelevant prat om vindkraft at det er vanskeleg å ta alvorleg. Nokre av påstandane bør likevel ikkje få stå uimotsagde.

Blant anna meiner Dale å ha høyrt at eg i mitt foredrag om vindkraft på folkemøtet i Guddal 5. juli sa at støy frå vindturbinar vil forkorte livet med 2–3 år. Det eg sa er at støy er eit velkjent miljøproblem. Dersom ein lyt leve med støy som ein opplever som svært plagsam i mange år så kan det forkorte livet. Det er sjølvsagt ikkje kjekt å høyra slikt, men Verdas Helseorganisasjon (WHO) er krystallklare på at langtidseksponering mot svært plagsam støy kan bli eit helseproblem. Dei estimerer at minimum ein million sunne livsår (sjukdom eller dødsfall) går tapt årleg i Europa grunna plagsam støy frå trafikk. Den kritiske faktoren i vurderinga deira er i kva grad ein opplever støyen som plagsam – ikkje kva kjelde den kjem frå. Det at støyen kjem frå vindturbinar som produserer «grøn» energi betyr altså ikkje at der er noko magisk «grønt» ved denne støyen som gjer at den ikkje er like helsefarleg som all annan støy dersom ein opplever den som svært plagsam.

Dale prøver også å bagatellisere faren for iskast. Det skal ein vere varsam med, for iskast er ein betydeleg fare om vinteren inne på vindkraftverka. Mange av vindturbinane står attmed vegane og dei lange vengene som no kjem (70 – 90 m) strekkjer seg ut over vegbana. Særleg farleg er det når ein vindturbin har stått i ro mens det har danna seg is på vengene. Når den plutseleg med ein støyt startar å svive vil det ofte regne ned store og små isklumpar. Under slike forhold er det svært farleg å bevege seg nær vindturbinar. På Tonstad vindkraftverk har ein hytteeigar inne på vindkraftverket fått pålegg om at han ikkje kan opphalde seg på hytta mellom november og april grunna fare for iskast.

Guleslettene Vindkraftverk, som eg viste til, er eit godt eksempel på kor lite av investeringane som kjem lokalsamfunna til gode. Her kom eit stort skip utanfrå lasta med maskiner til Florø. Logoen til Stavangerfirmaet Stangeland står på svært mange av maskinene som rasar rundt inne på fjellet. Nokre få lokale firma, inkludert eit lite firma frå Eikefjord har, rett nok, fått litt arbeid her og det er sjølvsagt bra. Av den totale investeringa på 2 milliardar kroner for Guleslettene er det likevel berre småpengar som kjem lokalsamfunnet til gode. I tillegg skal vi straumbrukarar fram til 2035, over straumrekninga, betale ca. ein milliard kroner til Guleslettene i subsidiar gjennom elsertifikata. Vi får dessverre ikkje sjå kor mykje vi betaler fordi NVE har pålagt kraftselskapa å ikkje vise denne subsidien på straumrekninga.

Dale er også uroa over at uryddige prosessar kan bli skadelege for miljøet i små lokalsamfunn. Det har ho god grunn til. Det som skader lokalmiljøet og skaper frontar meir enn noko anna er den manipulerande framgangsmåten til utbyggjarane. Dei luskar rundt på bygdene og søkjer med hemmeleghald, lureri og lovnader om pengar å få flest mogeleg underskrifter frå grunneigarar før folk vaknar og skjønar at her held nokon på å tinge bort fjell og hei til høgstbydande.

Eg er samd med Dale i at det er viktig å legge til rette best mogeleg for komande generasjonar. Det gjer ein ikkje med å telje pengar. Det gjer ein best med å ta godt vare på dei store, unike og særdeles verdifulle naturverdiane som vi har her i Sogn og Fjordane. Slik kan komande generasjonar også få glede av naturen med bulyst som følge. Dei som kjem etter oss kjem til å forbanne oss om vi let kraftbransjen få lov å sprenge i stykke fjella våre for å byggje vindindustri for å få inn nokre skarve kroner i kommunekassa.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags