Motstanden mot vindkraft på land er veldig generell

Av
DEL

LesarbrevVindturbinar, som skal produsere sårt tiltrengt fornybar energi frå ei evigvarande kjelde, er i vinden om dagen. La oss no først og fremst bruke det korrekte namnet på desse innretningane. Ei vindmølle er ifølge Store Norske Leksikon ei sitat « ... vinddrevet mølle for maling av korn, mineraler o.a.» Det er neppe slike innretningar det no er ønskje om å setje opp fleire stader i Norge.

Så, vil vi ha dei eller ikkje? Meiningane er til dels sterke og for det aller meste negative, ser det ut til. Eg er ikkje så sikker på om alle dei som seier at dei er imot vindturbinar på land har sett seg godt nok inn i dette. Det er lett å la seg påverke av den negative stemninga rundt dette no. Spesielt når heller ikkje media greier å framstille saka balansert og sakleg. Det er ei ærleg sak å vere motstandar av vindkraft på land. Men då må det vere med saklege og gode argument det er hald i.

Ofte synest eg motstanden blir veldig generell. Lite spesifikk og konkret. Det som er viktig er at kvart enkelt prosjekt blir vurdert for seg. Det er faktisk ikkje alle stader der faren for å ta livet av fuglar er like stor. Det er faktisk ikkje alle stader at tur- og reiselivet, før eventuelle vindturbinar, er så stort og blomstrande at vindturbinane vil påverke negativt. Tvert imot! Vi kan faktisk sjå for oss at vindkraftanlegg gir fleire lettare tilgang til naturen. Det er ikkje alltid og alle stader at skuggekast, iskasting og støy verkeleg er eit verkeleg problem. Motstandarar har ein tendens til å trekkje fram absolutt alle tenkte negative konsekvensar kvar einaste gong og i kvart einaste prosjekt.

Det blir snakka mykje om verdien av urørt natur. Både på grunn av vern om artsmangfald og fordi vi vil bruke naturen til rekreasjon. Vi skal sjølvsagt ikkje bidra til at trua artar blir utrydda. Men igjen, kvart enkelt prosjekt må vurderast for seg. Det er slett ikkje utryddingstrua artar alle stader der det er planar om vindkraft. Det å ta vare på artsmangfaldet er eit stort og komplisert tema. Her er det svært mange andre faktorar som spelar inn som kanskje er viktigare.

Eg tilhøyrer dei som meiner at naturen kan ha stor verdi sjølv om den ikkje er 100 prosent urørt. Det går faktisk å argumentere for at dei tilførselsvegane, som blir laga for å få vindturbinane fram, vil gje fleire og andre grupper tilgang til gode tur- og naturopplevingar. I så fall snakkar vi om ein stor positiv helsemessig gevinst for fleire. Kanskje er det slik at urørt natur mest er for dei få som er spreke og spesielt interesserte?

Mange seier at dei ikkje likar å sjå vindturbinane. Er det motstand mot det eg vil kalle visuell forureining det heile kokar ned til? Det kan vi ikkje ta oss råd til. Nokre vindturbinar i horisonten er ein liten pris å betale for ei evigvarande og utømmeleg kjelde med fornybar energi.

Det er viktig å ta ting i rett rekkefølgje. Nokon har bestemt seg for at dei er imot vindkraft på land, og så leitar dei etter informasjon for å byggje opp under dette standpunktet. Det rette å gjere, slik eg ser det, er å starte med eit ope sinn. Gå nøytralt inn i kvart enkelt prosjekt, få kunnskap og vurder sakleg positive og negative sider opp mot kvarandre. Så kan du konkludere og gjere deg opp ei kvalifisert meining.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags