Ein fiende av norsk natur!

HORISONT: – Er det slik vi vil sjå horisonten ved Viksdalen, spør Johannes Malvin Oppedal. Bildet er frå Eigersund kommune i Rogaland.

HORISONT: – Er det slik vi vil sjå horisonten ved Viksdalen, spør Johannes Malvin Oppedal. Bildet er frå Eigersund kommune i Rogaland. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev«Det nyttar ikkje å «redde klimaet» så lenge metodikken går ut på å legge vår eiga natur og vårt eksistensgrunnlag i ruinar.» Sitat Stian O. Yttergård frå Bardufoss.

I ein svært omfattande tilstandsrapport, har FN nyleg slått fast at vi går ei mørk framtid i møte om vi menneska held fram med vårt nådelause overforbruk av naturressursane. Nærmare 150 forskarar i eit internasjonalt panel konkluderer med at tap av naturmangfald på grunn av menneskeleg aktivitet er ein større trussel for vår eksistens enn klimaendringar. Vi øydelegg naturen, sprenger bort fjell, grev opp karbonlagera i myrar og fortrenger dyreliv, fugleliv og insektliv i eit tankelaust tempo.

Dette skjer i ein takt som tilseier at vi er i ferd med å øydelegge vårt eige eksistensgrunnlag og mogelegheita til å livnære oss sjølv og våre etterkommarar. Difor er det trist å konstatere at mange menneske med makt og myndigheit i «dei rette organa», aldri nemner reduksjon av vårt eige skyhøge energiforbruk som eit alternativ. Oppgradering av eksisterande vasskraftanlegg er ikkje aktuelt, sjølv om ein fersk NTNU-rapport slår fast at ei oppgradering av eksisterande vasskraftverk gjer utbygging av landbasert vindkraft i Noreg unødvendig. Konklusjonen bereknar 15–20 prosent produksjonsauke, noko som svarar til 20–30 TWh ny stabil energi. Ein enorm gevinst som i seg sjølv overgår det som per dags dato er konsesjonsgitt landbasert vindkraft. For å realisere potensialet som ligg i dette, må politikarane legge opp til det same fordelaktige skatteregimet til vasskraftbransjen, som utbyggarar av landbasert vindkraft får.

Lite vil gå til lokalsamfunnet, seier professor Øivind Anti Nilsen ved Noregs handelshøgskole. For meg verkar det som lokalsamfunnet får smular frå dei rikes bord, og eigedomsskatten gjev dei lite. Eit element her er at utbyggarselskapet og driftsselskapet ofte har forskjellige agenda. Dette gjer at utbyggar lovar gull og grøne skogar på noko dei ikkje har styring med. Kommunen vil få eigedomsskatt frå møllene, men denne er gjerne lågare enn kva som blir førespegla på grunn av reduksjon i turbinprisane i ein pressa marknad. Ny taksering etter 10 år vil sannsynlegvis også føre til vesentleg redusert eigedomsskatt, då grunna avskriving. Det vil sannsynlegvis bli minimalt med lokale arbeidsplassar i anleggstida, men også i driftstida. Eigarane har eigne mobile ekspertar. I driftstida er møllene fjernstyrte. Eksempelvis er møllene på Fakken i Troms styrte frå Spania. I anleggstida er kommunen ansvarleg for blant anna helseberedskap og brannberedskap; risiko for betydeleg auke i kostnadane. I driftstida er kommunen ansvarleg for brannberedskapen. Et vindkraftanlegg kan gå konkurs! Då vil først grunneigar vere ansvarleg for å betale for fjerningskostnadane. Når grunneigar ikkje kan betale, må kommunen gjere det. Det kostar 3–5 millionar kroner å fjerne ei mølle.

Til slutt vil eg håpe at menneske med makt og myndigheit «i dei rette organa», forstår dette og ikkje let seg blende av fagre løfte. For slike løfte har oftast ei bakside, og den slår som oftast ned: Som lyn frå klår himmel!

Vi som bur her i Viksdalen, Hestadgrend og Sande treng ikkje desse vindmølleparkane som gjer store ubotelege skadar på våre vakre fjellområde. Dei vil også redusere opplevingsverdien av både Gaularvassdraget – som er varig verna, Nasjonal turistveg, Gaularfjellet, Fossestien og friluftsaktivitetar i våre urørte fjellområde, både sumar og vinter. Det vil også i stor grad øydelegge marknaden for dei verksemdene som har satsa på turisme, med servering og overnatting m.m. Eg er freista til å kalle heile denne planen slik det står fram, for reinspikka bondefangeri!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags