1-0 etter ein omgang

NEI: Høyanger sa nei til vindmøller, men Einar Rysjedal i Raudt fryktar at kommunen vil bli overkøyrd.

NEI: Høyanger sa nei til vindmøller, men Einar Rysjedal i Raudt fryktar at kommunen vil bli overkøyrd. Foto:

Av
DEL

LesarbrevVi vann første runde mot vindkraft i Høyanger kommune. Mot tre stemmer vedtok Høyanger kommunestyre krav om at NVE skal utelukke areala i vår kommune. Andre kommunar i området står for det same.

Men kommunen har dessverre ikkje vetorett. Derfor kan det framleis bli vindkraftselskapa og enkelte grunneigarar som går sigrande ut av kampen til slutt. Dersom det skjer, vil det vere eit tap for miljø og natur, for friluftsliv, for arbeidsplassane og for lokalsamfunnet.

Vindturbinane som selskapa vil plassere, vil krevje store oppstillingsplassar. Det vil bli på høgdedrag der det må sprengjast og planerast eit areal på opptil ei halv fotballbane per turbin. Det kan bli kanskje 25–30 turbinar på høgdedraga i eit avgrensa område, og det skal sprengjast og planerast breie vegar fram til oppstillingsplassane. Naturlandskapa blir asfalterte og det biologiske mangfaldet trua. Turområda blir øydelagde gjennom landskapsøydeleggingar og støy.

Vindkraftutbygging betyr meir krafteksport. Auka krafteksport betyr meir import av prisauke på ein av dei viktigaste norske konkurransefordelane. Prisveksten betyr ikkje berre ein trussel mot arbeidsplassane i kraftkrevjande industri. Prisveksten vil også gå ut over lommeboka til arbeidsfolk og lønsmottakarar flest. Prisveksten blir i tillegg ei belastning på fylkes- og kommunebudsjetta og vil gå ut over velferdstenester og kommunale ytingar.

Vindkraft er profitabelt for investorane, der ofte står utanlandske selskap bak. Det er slik fordi sentralstyresmaktene har gjeve profitørane økonomiske fordelar som offentleg eigde vasskraftselskap ikkje har. Kapitalistiske bedrifter, inkl. utanlandske selskap, skal få gjere seg endå rikare – no på norsk vindkraft. Slik er den mørkeblå politikken, men vi har sett slikt frå dei raudgrøne forgjengarane også.

Dersom sentralmakta ikkje høyrer på kommunane i området, vil vindkraftselskapa søkje konsesjon til utbygging – i alle fall dersom dei får avtale med grunneigarane. Grunneigarane må derfor som innbyggjarar i kommunane setje naturen/miljøet, allemannsretten og fellesskapsinteressene og framfor utviding av eigne lommebøker eller bankkonti.

På kommunestyremøtet 20. juni fekk Raudt, saman med AP og KrF, gjennom eit forslag om samarbeid med dei andre kommunane overfor sentralmakta. Men det er ikkje nok. Det var imponerande med organisasjonane som uttala seg mot vindkraft til kommunestyremøtet; LO-organisasjonar, Jakt- og Fiskelaget, Turlaget, Lavik Idrettslag o.a. Fleire tilsvarande organisasjonar i dei andre kommunane må slå følgje.

Og: Det spørst om ikkje det må etablerast eit nettverk over kommunegrensene – kall det gjerne ein folkeaksjon. Vi vann første runde. Berre gjennom ei endå breiare mobilisering, kan vi vinne dei neste og avgjerande slaga for at natur- og samfunnsinteressene skal overstyre snevre økonomiske interesser utanbygds.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags