Om vindkraft – særleg i Viksdalen

DØMME: Eg er sikker på at ettertida vil dømme storparten av vindkraftutbygginga på land hardt, det ser vi allereie mange døme på der utbygginga er gjort eller igangsett, skriv artikkelforfattaren.

DØMME: Eg er sikker på at ettertida vil dømme storparten av vindkraftutbygginga på land hardt, det ser vi allereie mange døme på der utbygginga er gjort eller igangsett, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Kva skal ein seie etter Erik Espeset sitt siste innlegg i Firda? Er det panikken som spreier seg i kraftbransjen? Er det så sårt å få saklege argument mot seg at ein må spele ein offerrolle.     Skal ein satse på ein dommarrolle bør ein sjølv følge spelereglane. Eller skal ein gjere som i den gamle historia om prelaten som formana kyrkjelyden: «I skal ikkje leve som jeg gjør, men som jeg siger».

Ein ting er sikkert, Erik Espeset, mine eller dine kjensler av å vere dårleg behandla og såra og vonbrotne over ord som fell i vindkraftdebatten er ein bagatell i den store samanhengen. Dersom fjellområda mellom Gaular og Høyanger vert høvla ned til eit industriområde med eit ukjent tal vindturbinar, med vegar for transport av deler til vindturbinar av ukjent storleik, vil debattklimaet på førehand vere ein bagatell. Det er ettertida som skal døme, ikkje vi som står midt i debatten. Eg er sikker på at ettertida vil dømme storparten av vindkraftutbygginga på land hardt, det ser vi allereie mange døme på der utbygginga er gjort eller igangsett. Eg ser med stor ro fram til at folk leitar seg fram i arkivet til Firda, men eg synest synd på dei som må leve med rasert natur og utskjemde bygder. Domen over den generasjonen som gjorde dette for kortsiktig vinnings skuld vert truleg: «Forlat dei ikkje, for dei visste kva dei gjorde».

Per Kjelstad.

Per Kjelstad. Foto:

Når dette er sagt, må eg endå ein gong undrast over at ein mann av fag ikkje legg større vekt på å leggje fram fakta. Framleis kjem det lettvinte påstandar som: «Vi gjenbrukar eit område som er brukt til kraftproduksjon og kraftliner frå før» og «det vil vere lite synleg frå buplassane til folk i bygdene rundt». Eg har sett Zephyr sitt kart over det området dei finn interessant og kan love at 200–300 m høge vindturbinar vert synlege både frå mange buplassar i Viksdalen og i resten av Gaulardalføret. Eg ser ei form for gjenbruk, det er at Erik Espeset gjenbrukar svake argument og udokumenterte påstandar frå dei tidlegare innlegga sine.

Eg trur faktisk at Erik Espeset tek feil når han seier at mange grunneigarar på Viksdalen har late seg overtelje til å gå med på vindkraftutbygging, og at særleg mange saueeigarar syner positiv interesse. Eg har inntrykk av at nokre større saueeigarar er sterkt mot vindkraft, og at få, om nokon, vil seie at dei har gjeve fullmakter til Fred. Olsen eller Zephyr.

Så litt om vindkrafta generelt. Erik Espeset påstår friskt at meir vindkraft fører til nedgang i straumprisen. Eg trudde det var kjent i bransjen at utbygging av vindkraft har nær samanheng med bygging av kablar til Europa og Storbritannia. Er det verkeleg nokon som trur at kraftbransjen strevar for dette opplegget dersom dei imøtesåg lågare prisar?     Allereie i dag seier både Statnett og Statkraft at vi produserer 10 Twh meir straum enn vi brukar i Noreg (ca. 10 Gaularvassdrag). Overskotet vil auke til 20 Twh når dei vindkraftverka som no har fått konsesjon er komne i drift. Det er altså ikkje kraftmangelen som driv spekulasjonane.

Ei sak for seg sjølv er den auka nettleiga vi må betale. No skal visst nok vindkraftutbyggarane ta ein andel av denne kostnaden, men førebels verkar den beskjeden. Erik Espeset, som styreleiar i Møre-nett, veit sikkert meir om dette. Kanskje kan vi få nokre fakta?

Som «røynd politikar» veit eg at når nokon hevar røysta så mykje som Erik Espeset gjer i sine innlegg, utan å kome med konkrete argument, då har dei ei dårleg sak. Eg kan forsikre om at eg har mange saklege argument på lager, så om min motdebattant vil gå over på det saklege planet, skal vi kunne støtte Firda med stoff i lenger tid. Men at plager med støy og iskast vert avfeia som «raudfispatroner» syner ein arroganse og ein vanvørdnad for fakta som tener både den som kastar det fram og bransjen hans til lita ære.

Til slutt ein liten parentes om Erik Espeset sitt tidlegare selskap, Zero. I mitt førre innlegg sa eg at Zero dreiv «systematisk (og truleg godt betalt) propaganda for vindkraftindustrien». Dette var nok ikkje populært, for Firda måtte beklage at dette ikkje var dokumentert. Eg beklagar at eg ikkje tok eit Google-søk på Zero først. Eg vil rå alle til å gjere dette søket.         På Zero sine heimesider finn ein deira eiga liste over samarbeidspartnarane og ca. oppgåver over deira økonomiske bidrag. Kva som er godt betalt, er det sikkert ulike meiningar om. Men eg finn i alle fall 15 energiselskap mellom desse partnarane, m.a. Zephyr som opererer i vår nærleik, Trønderenergi som opererer på Frøya, og sjølvsagt Tafjord Kraft.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags